Hopp til innhold

- Operahuset kan verte dyrt for Eid

- Drifta av det nye operahuset på Nordfjordeid kan verte dyr, om ein ikkje får nok aktivitet i huset, seier ordførar Sonja Edvardsen.

- Kommunen må jobbe hardt framover for å finne ut korleis vi skal få ned utgiftene på drifta av operahuset, seier Edvardsen.

Ukjende kostnader

Operahuset på Nordfjordeid kostar 50 millionar kroner og skal ha bibliotek, kinosal og ein konsertsal med 500 sitjeplassar.

Edvardsen har ikkje rekna konkret på kor mykje drifta av huset vil koste, men stadfestar at det vil vere ei stor utfordring å få nok inntekter til drifta av huset.

Mange kritikarar

No vil ho opprette ei arbeidsgruppe som skal sjå på aktivitetar og innhald, og på lenger sikt er planen å tilsetje ein person som skal drive huset og fylle det med aktivitetar.

Tidlegare har Framstegspartiet uttrykt skepsis mot at huset kan verte ei økonomisk bombe som kan koste kommunen dyrt.