- Fleire kommunar har ikkje følgt kommunelova og heller ikkje det som er kommunen sitt eige reglement. Så det tyder på at det er svikt i interne rutinar, seier han.
- Stort problem
Terje Førde som driv med revisjon for 11 kommunar i Sogn og Fjordane, seier problemet er større enn mange kjenner til. I dag tidleg det kom fram at Askvoll kommune får kraftig kritikk frå Fylkesmannen.
Over lang tid
Ved ein gjennomgang av rekneskapen har Fylkesmannen avdekka over 50 tilfelle der investeringar ikkje er fullfinansierte. Også Bremanger kommune har fleire slike saker. Ifølge Førde har dette pågått over lang tid i fleire kommunar.
- Viss vi ser på oppryddingssakene vi har hatt i nokre av kommunar, så er det oppvask etter prosjekt som har gått dei siste 10-15 år som det no vert rydda opp i, seier han.
- Dramatisk
Konsekvensen er at kommunane i ettertid må dekkje inn forpliktingane gjennom dyre lån som et av driftsbudsjettet.
- Det er dramatisk. Viss ein på sikt ikkje får bukt med dette problemet, så må kommunane leggje ned tenestetilbodet fordi pengesekken er ikkje større enn den er, seier Førde.