Hopp til innhold

- Norge må behandle asylborn betre

Det krev organisasjonen PRESS Redd Barna Ungdom.

Ilda

Enn så lenge gjer åtte år gamle Ilda alt ho kan ut av kvardagen i Norge.

Foto: Vegar Erstad / NRK

«FN-komiteen for barn sine rettar» kritiserer Norge for måten asylborn vert behandla på, og ber mellom anna Norge om å korte ned tida det tar å handsame asylsøknader.

- Svært alvorleg

I Førde har ein familie frå Kosovo fått avslag på søknaden om asyl. Minstedottera Ilda på åtte år har vore på flukt heile livet, men har det siste året blitt godt integrert i Sunnfjord.

- Det mest alvorlege sakene inneber dei einslege mindreårige asylsøkarane, seier Kirsten Kvalø i PRESS-Redd Barna Ungdom.

Ho meiner kritikken er svært alvorleg.

FN tolkar det som brot på barnekonvensjonen, det er ganske alvorleg.

Må kutte i behandlingstida

Åtte år gamle Ilda frå Kosvovo leikar på jenterommet i Førde.

Ho har vore på flukt heile livet, det siste året er ho blitt godt integrert i Sunnfjord. Men no har familien hennar fått avslag på asylsøknaden og kan bli sendt tilbake til Kosovo.

Denne historia er ikkje eineståande. For FN ber mellom anna Norge om å få ned tida det tar å handsame asylsøknadar.

Lysbakken må ta grep

I Redd barna sin ungdomsorganisasjon krev dei at barneminister Audun Lysbakken tar grep.

- Vi veit at born er for endring, og uvissa om dei får bli eller ikkje er ikkje bra. Det er skadeleg born. Og det bør vere eit klart mål for Norge å få ein fortgang i saksbehandlinga, seier Kvalø.

Ikkje tilgjengeleg

I Førde har familien frå Kosovo klaga på avslaget og hyra inn advokat for å kjempe mot norske styresmakter.

Enn så lenge gjer åtte år gamle Ilda alt ho kan ut av kvardagen i Norge.

Barneminister Audun Lysbakken har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar.