Hopp til innhold

- No hjelper det ikkje sjå på andre

– Det kan ikkje bli større fotballdrama i Sogndal enn dette, seier NRK sin Sogndal-ekspert Jon Navarsete. Kampen han siktar til er oppgjeret mot Brann på Fosshaugane søndag. No må spelarane gjere jobben sjølv, meiner han.

Denne hausten har vore ei emosjonell berg og dalbane for dei som følgjer Sogndal i eliteserien. Forrige helg trudde dei dei hadde berga seg ved å slå Vålerenga, men i går gjekk absolutt alt på tverke og sogndølene fann seg plutseleg på kvallikplass med overhengande fare for å rykka ned. No må dei slå Brann i siste serierunde.

AKUTT NEDRYKKSFARE I SOGNDAL: Øyvind Heimset Larsen er ein av medlemmene i Saftkokaradn som hadde ein kjedeleg dag etter 2–1 tapet mot Stabæk søndag.

Siste serierunde kan bli i overkant spennande for dei som heiar på Sogndal. I det store og det heile er det vinn og forsvinn for sognelaget.

Med 31 poeng føre siste runde ligg laget no på den svært så utsette kvalifiseringsplassen, men det kan bli endå verre om dei ikkje vinn på søndag. Sjølv om det kan sjå mørkt ut, både håpar og trur Navarsete at Sogndal kan hente heim tre livsviktige poeng.

– No er det krigsropet som må gjalle mellom fjella. Her må det aggressivitet og vilje til, og eg trur faktisk dei er gode moglegheiter til å slå Brann, seier Navarsete til NRK.no.

Skuffa over eit tafatt lag

Det er ein lei situasjon Sogndal har sett seg sjølv i no. Søndag møtte dei botnlaget Stabæk og alt låg til rette for at dei kunne sikre seg ein plass i eliteserien neste år.

Mange hadde rekna med at dette skulle bli grei skuring for laget frå saftbygda, men i staden gjekk dei på ein real smell. Allereie til pause leia vertane 2-0, og sjølv med redusering like etter pause var det ikkje nok.

Jon Navarsete som er NRK Sogn og Fjordane sin Sogndal-ekspert er svært skuffa over det han såg.

– Nokon må gå i seg sjølv når ein opptrer så uprofesjonelt og tilsynelatande tafatt som dei gjer i første omgang. Kva det skuldast er ikkje så lett og forstå, men det er tradisjonar i Sogndal for å ikkje klare denne typen kampar, seier Navarsete til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Navarsete

SKUFFA: Jon Navarsete som er NRK sin Sogndal-ekspert likte dårleg det han såg på bana då laget frå saftbygda spelte mot Stabæk i går.

Foto: Arve Uglum / NRK

Mykje som kan skje

Når Sogndal no ligg på den utsette kvalifiseringsplassen må alle kampane vere ferdigspelte før ein veit om Sogndal får nok ein sesong i den øvste divisjonen. Det enklaste blir at Sogndal sjølv ordnar biffen, det kan dei gjere med å vinne kampen.

Men det er svært tett i botn av tabellen, og for fotballsupporterar og spelarar blir det nokre ulideleg spennande minutt søndag kveld. Det er svært mykje som kan skje, og utfalla av dei forskjellige kampane har innverknad på kvarandre.

Tapar Sogndal og Fredrikstad vinn sin kamp rykkjer Sogndal rett ned. Men dersom både Sogndal og Fredrikstad taper, då må Sogndal spele kvalifiseringskampar.

Om Sogndal taper, og Fredrikstad spelar uavgjort, kan sognelaget framleis bli liggjande på kvalikplassen. Det med den føresetnaden at Fredrikstad ikkje vinn sin kamp med meir enn fem mål.

Både Sandnes Ulf og Hønefoss har no eitt poeng meir enn Sogndal, men dersom Sogndal vinn og eit av desse to laga tapar eller spelar uavgjort vil Sogndal kome seg opp på sikker plass.

Skulle derimot både Sandnes Ulf, Hønefoss og Sogndal vinne blir Sogndal framleis liggjande på kvalifiseringsplassen.

Ifølgje TV2 kan eit mogleg utfall også bli at Sogndal og Hønefoss møtest til ein rein nedrykksduell.

Ber Sogndal gjere jobben sjølv

Det er med andre ord mykje som kan skje. Navarsete meiner Sogndal uansett gjer best i å tenkje mest på seg sjølv og det dei kan gjere.

– No hjelper det ikkje sjå på andre. Det er dei enkle reglane som gjeld, dei må vere først på ballen og ta initiativ. Men det er 11 mann som må gjere det, seier Navarsete.

– Eit nedrykk ville vere ein kjempenedtur, det er berre ei veke sidan vi var nesten på trygg grunn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Olsson

TØFF SISTEKAMP: Sogndal-trenar Jonas Olsson og spelarane førebur seg no til ein svært spennande avslutningskamp.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Håpar på fulle tribunar

Geir Inge Heggestad som er arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball er også skuffa etter nederlaget mot allereie nedrykka Stabæk i går. No håpar han på eit veldig folkeliv rundt den siste serierunden.

– Vi må ha fokus på det vi kan ordne sjølv, og eg trur det er gode moglegheiter for å slå Brann her heime, seier Heggestad.

5623 billettar er lagde ut for sal til oppgjeret mellom dei Sogndal og Brann på Fosshaugane, og Heggestad trur det kan bli fulle tribunar.

– Eg merka pågangen raskt etter kampen, og så har det teke seg opp etter det, seier han.