- No bør du slutte med «god jul»

«God jul», «godt nyttår», «godt nytt år» eller «god jul og godt nyttår»? Kva skal ein eigentleg seie til vener og bekjente når romjula no går over til eit nytt år?

Sylfest Lomheim

SLUTT I DAG: I dag er dagen for å slutte med 'god jul'. Men skal du seie godt nyttår eller godt nytt år?

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Ein eller annan gong iløpet av romjula må ein slå om frå «god jul» til «godt nytt år».

Men når?

- I allefall nyttårsafta. Eg trur eg også vil seie vesle nyttårsaftan er det passeleg å snakke om god jul. Men inntil vesle nyttårsaftan, så er det ikkje nokon som kan tykkje det er rart å snakke om «god jul», seier den tidlegare direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

- Slutt i dag

- Det er ikkje nokon bastante reglar, men likevel ligg det nokre reglar under her, fortel Lomheim på spørsmål om når tida er inne for å legge vekk helsinga god jul når du kommuniserer med folk.

Svaret meiner han er i dag - 30. desember. Men det finnast sjølvsagt unntak.

- Dersom eg møter ein person i romjula, som eg ikkje trur eg vil møte att før i januar, så er det naturleg at eg også ynskjer vedkommande «godt nytt år», seier Lomheim.

Nytt år eller nyttår?

Men problemstillinga med dei ulike helsingane, sluttar ikkje der. «Godt nyttår» og «godt nytt år» er to veldig forskjellige ting.

Lengda på pausen du legg inn mellom nytt og år avgjer kor inderleg helsinga er.

- Eg plar seie at eg vil helst at folk ynskjer meg «godt nytt år». Eg er ikkje like nøgd om folk berre ynskjer meg «godt nyttår». Eg vil ha heile året etter ynskje, og ikkje berre nyttårsmarkeringa, seier Lomheim.

- Slutt i tide

Med det skulle det meste vere klart for høgtidsynskjene i 2010. Men to små ting kan likevel vere verd å merke seg;

Ikkje slit ut nyttårshelsingane.

- Du ynskjer ikkje ein person godt nytt år meir enn ein gong, seier Lomheim.

Og for all del - slutt i tide.

- Når ein har skrive 15. januar, så tenkjer eg dei fleste ikkje tykkjer det er så naturleg å ynskje folk godt nytt år lenger, avsluttar Lomheim.