Han meiner at toll på norske fiskeriprodukt er eit langt mindre problem enn det Kysten inn i EU hevdar.
Fokus på stabil marknadstilgang
Nettverket Kysten inn i EU sitt føremål er å spreie kunnskap om konsekvensane av at Noreg ikkje er EU-medlem, slik at stadig fleire av dei som bur på kysten røystar for eit EU-medlemskap. Stabil og sikker marknadstilgang er eit nøkkelord. Organisasjonen har konktaktpersonar langs det meste av kysten, og i Sogn og Fjordane er det tre profilerte personar innan fiskeri og oppdrettsnæringa.
Nei-mannen og forskaren Peter Ørebech meiner at den informasjonen som organisasjonen og norsk fiskerinæring elles driv med, mest minner om rein svartmåling av eit ikkje-medlemskap.