- Mørkemenn har inntatt byen vår

SV-politikar blei rasande då byrådet ikkje ville fjerne den kristne føremålsparagrafen.

Simen Willgohs

RASENDE: SVs Simen Willgohs

Foto: Bernt Ove Flekke / NRK

- Det er berre å innsjå at mørkemennene har inntatt barnehagane og skulane våre. Det er berre eit tidsspørsmål før både seksualundervisninga og evolusjonslæra vert fjerna frå utdanninga i denne byen, og eit flertall veit vel gjerne også at jorda er flat, tordna Simen Willgohs frå talerstolen under måndagens bystyremøte.

Borna i Bergen skal få ei kristen og moralsk oppseding, meiner eit fleirtal i bystyret. Byrådspartia vil ikkje fjerna føremålsparagrafane i skule og barnehage. I bystyret i går stemte Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti for å halda på paragrafane om kristen og moralsk oppseding.

Dette skapte ein svært oppheita debatt.

-  Diskriminert av kristenopplæring

Det såkalla Bolstad-utvalet har kome med eit avkristna forslag som Kunnskapdepartementet sende ut på høyring.

Byrådspartia si støtte til kristen oppseding provoserte.

- Eg er ateist, og er ein av mange som vore diskriminert av den føremålsparagrafen som er i skulen i dag, sa partikollega Tina Åsgård.

Men ingen motargument beit på Christoffer Brun i Høgre.

- Eg trur alle i denne salen er einige i at dei grunnleggjande overordna kristne verdiar, er representative for nesten alle verdas religionar, sa Brun.

- Maken til arroganse, repliserte Oddny Miljeteig (SV).

Sjølvmotseiing

Abdelmajid Jerad frå Arbeiderpartiet meiner den kristne formålsparagrafen diskriminerer folk med andre religionar.

- Det er sjølvmotsigande når byrådet vil bruke ein million kroner på å få innvandrarar til å sende borna sine i barnehagen, når dei skal bli opplært i kristendommen, meiner han.

Det som provoserte opposisjonen mest var Høgre si haldning til saka.

- Eg synest det er heilt utruleg at Høgre som eit liberalt parti kan bli ein rævediltar etter menigheita Levende Ord, meinte Odd Rambøl (Ap).

Kommentaren fekk ordførar Gunnar Bakke til å definere bergensk parlamentarisme.

- Hadde det ikkje vore for at vi var i denne byen, så hadde ikkje den fråsegna vore innanfor det parlamentariske.