Hopp til innhold

- Milliardær har øydelagt lakseelv

Milliardær og skipsreiar John Fredriksen får skulda for at den kjende lakseelva Nausta vert utarma.

John Fredriksen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Fredriksen har betalt store summar til kultivering av Nausta. Kravet for å gjere dette var å flytte starten på laksefisket.

Grunneigar Reinhart Veien meiner dette har vore fatalt for laksestammen.

- Her er det kommersielle interesser som har vorte prioriterte framfor laksestammen.

Likar å fiske tidleg i juni

Ein av verdas største skipsreiarar, John Fredriksen, har i mange år kosa seg med fisking i lakseelva Nausta. I 2002 vart han spurd om han var villig til å yte midlar til eit norsk villaksfond. Det ville han ikkje. I staden kunne han tenkje seg å yte midlar til styrking av laksestammen i Nausta.

Men Fredriksen likar å fiske tidleg i juni, og for å gje pengar stilte han altså som krav at den årlege lakseopninga måtte flyttast fram frå 15. til 1. juni. Dette fekk han til slutt gjennomslag for hos Norsk Institutt for Naturforsking (NINA).

- Overfiske

Veien meiner framskundinga av laksesesongen har ført til eit kraftig overfiske.

- I fjor vart det tilrådd eit uttak på 150 mellomlaks, og det er den som bidreg mest til ynglinga i elva. I staden vart det teke opp over 500 laks.

Veien er ikkje i tvil om at NINA framskunda opninga av laksefisket berre fordi Fredriksen opna lommeboka. Men han stiller spørsmål ved den faglege grunngjevinga for avgjerda.

- Det synest eg er underleg at dei gjorde då dei såg utviklinga som har vore i elva.

- Kva hadde skjedd utan midlane til Fredriksen?

- Eg vil tru at verken opningstida eller forvaltinga hadde vorte endra.

Avviser kritikken

Seniorforskar Torbjørn Forseth hos NINA avviser at pengane frå Fredriksen har ført til tidlegare lakseopning.

- Påstanden manglar rot i røyndommen, seier han.

- Men det er jo ikkje tvil om at John Fredriksen har spytta inn opp mot 300.000 kroner i året, noko som har gitt NINA fleire oppdrag. Kan ikkje dette ha påverka avgjerda dykkar i denne saka?

- Nei, det gjer det ikkje.