- Mest redd for kleda mine

- Eg var eigentleg mest redd for bagasjen min, der eg hadde alle kleda mine, fortel Torgeir Bull etter den dramatiske bussbrannen i Oslo.

Bussbrann ved Sjølyst i Oslo
Foto: Torgeir Bull

Det er framleis uvisst kva som var årsaka til brannen i ein ekspressbuss frå Firda Billag fredag kveld. Bussen brann opp på E18 ved Sjølyst i Oslo.

- Brannen starta ved høgre bakhjul, seier adm. dir. Bjørn Nordberg i Firda Billag.

Bussen er no frakta til Scania sin verkstad på Kløfta, der den vil bli undersøkt. Bussen er totalvrak, og vil truleg ikkje kome på vegen att. 

Kjende svilukt

Sjåføren og alle passasjerane kom seg ut av bussen utan fysiske skadar. Sjåføren skal ha merka røykutvikling bak i bussen., og fekk stogga han slik at alle passasjerane kom seg ut. Bagasjen vart også berga, men passasjerane fekk ikkje med seg alt som var inni bussen.

- Vi kjende svilukt i bussen kring eit kvarter før den svinga til side. Då såg vi røyk på eine sida. Eg tenkte at vi hadde punktert, men så såg eg flammar. Då ropa sjåføren at vi måtte kome oss ut av bussen, fortel Torgeir Bull.

Rosar bussjåføren

Han er elev ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand og var på veg heim til Østfold på påskeferie. Ifølgje Bull handterte bussjåføren brannen på ein god måte. Evakueringa gjekk greit og det var ingen panikk blant passasjerane. Sjølv vart Bull litt skremd då han oppdaga flammane.

- Eg var eigentleg mest redd for bagasjen, der eg hadde alle kleda mine, seier Bull, som fekk med seg alle eigedelene sine.  

Bussbrann ved Sjølyst i Oslo
Foto: Torgeir Bull