Hopp til innhold

- Merkeleg utmåling av tingretten

Fjordane tingrett gav strengare straff enn påtalemakta la ned påstand om i saka mot "løpeguten" i den mykje omtala dop- og narkotikasaka.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Påtalemakta la ned påstand om 13 månadar fengsel i tilståingssaka. Sett i lys av alvoret i saka plussa Fjordane tingrett på tre månadar i straffeutmålinga .

- Det er litt merkeleg. Det er ikkje ofte eg har opplevd at retten går utover påstanden til aktor. Retten går oftare ned enn opp i høve det, seier forsvararen til sunnfjordingen, Ole-Petter Grythe Hoff.

Misnøgd med dom

Ole Petter Grythe Hoff

Ole-Petter Grythe Hoff i samband med ei tidlegare rettsak.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sunnfjordingen har site 14 månadar i fengsel for ein tidlegare dom. Mannen var mellom 63 personar som vart pågripne under opprullinga av den store dop- og narkotikasaka i Sunnfjord . Han er ein av mange som politiet meiner ikkje forstod alvoret av det dei medverka til . No bur sunnfjordingen seg på nye 16 månadar bak lås og slå.

- Det gjer han, men han er misnøgd med at domen gjekk utover påstanden til påtalemakta, seier Grythe Hoff.

Vurderer domen

Hovudmannen i saka, også han ein sunnfjording i 20-åra, fekk 4,5 års fengsel . Den saka gjekk for Bergen tingrett. "Løpeguten" og forsvararen hans har førebels ikkje teke stilling til om dei vil anke straffeutmålinga til Fjordane tingrett.

- Over helga skal vi sette oss ned og prate om domen. Men det er slikt som vi ville gjort uavhengig av straffeutmålinga, seier Grythe Hoff.

Ein anke må rettast fram innan to veker frå dagen domen vart forkynt.