Han meiner situasjonen er uforsvarleg og er fortvila over Helse Førde. -Eg vert frustrert når enkelte av guruane i Helse Førde set prinsipp foran liv og helse, seier han.
Vil ha to ekstra medikament
Kommunelegen i Bremanger ønskjer to viktige medisinar i ambulansen. Det er medisinsk kull i tilfeller der til dømes ein person har teke overdose. Dessutan ønskjer Shanker å ha eit alternativ til morfin i ambulansen fordi mange reagerer på morfin. Men dette seier Helse Førde nei til i eit avslag på ein søknad frå kommunelegen, skriv Fjordenes Tidende.
Shanker meiner difor tilbodet er uforsvarleg, når dei manglar desse medisinane. No rår legen pårørande og pasientar til å melde Helse Førde til politiet. Det er det einaste dei kan gjere, meiner han.
Redd for innbrot
Terje Olav Øen er leiar for ambulansetenesta i Helse Førde. Han seier det ikkje er ønskjeleg med fleire medikament i ambulansane, fordi dei kan bli attraktive mål for kriminelle på leiting etter dop og medisinar. Men Shanker seier det ikkje er noko sterke medisinar det er snakk om.