- Rett og rimeleg
I budsjettforliket torsdag fekk Helse Vest 168 millionar kroner meir enn regjeringa hadde sett av. Det er mange om beinet i Helse Vest, men Bente Øien Hauge krev at dei går uavkorta til lokalsjukehusa. Det meiner ho berre er rett og rimeleg.
Ikkje påverka
Torsdag kunne informasjonssjef i Helse Vest, Bjørg Sandal, fortelje at vedtak som alt er fatta, ikkje vert påverka av ekstraløyvingane frå budsjettforliket.
Men Øien Hauge nektar å gi seg. Ho seier ho vil kjempe for akuttberedskapen med nebb og klør.