Visepresident i Norsk Hydro Otto Brandal grunngav vedtaket med at det no finst fleire ledige jobbar i Hydro andre plassar i landet.
- Vi har ein godt internt arbeidsmarknad i Hydro som kan bygge bru for tilsette som må slutte, til ein ny jobb i Høyanger som vi vonar og trur kan kome innan utgangen av 2006. Men vi har ingen garanti, understreka Brandal.
Pendling eller flytting
Brandal syner til at Hydro har ledige jobbar både i Nordsjøen og ved dei andre Hydro-verka i Norge.
- Men dette inneber at folk må rekne med å reise frå Høyanger for å få jobb?
- Vi ønskjer å starte ein prosess saman med dei tillitsvalde og lokal leiing. Dette er tidleg, eg har ikkje svar ut over at vi inviterer til ein sånn prosess, seier visepresidenten.
Brandal seier at Hydro arbeider med å skaffe nye arbeidsplassar i Høyanger, men at det er for tidleg å kome med konkrete eksempel eller lovnader idag.