Hopp til innhold

- Lærdal-vedtaket står fast

– Ingen vil kunne gjere noko med omlegginga av overvakingstenesta ved Lærdal Sjukehus, seier Helse Vest-representant Helge Bryne.

Helge Bryne, viseadministrerande direktør i Helse Vest og styremedlem i Helse Førde
Foto: Pressebilete

Han representerer Helse Vest i styret i Helse Førde, og i fredag var han klar i talen på styremøtet.

– Sett i verk 1. september

Sjukehustilsette og lokalpolitikarar har protestert mot omlegginga, som går ut på å flytte overvakinga inn i sengeposten og endre turnusen. Men Helge Bryne heller kaldt vatn i blodet på dei som håpar at vedtaket blir gjort om.

- Dette er eit lovleg fatta vedtak, og det blir sett i verk 1.september, seier Bryne,