Hopp til innhold

- La han i bakken

Tidlegare dørvakt, Øyvind Olufsen, reagerte instinktivt då ei kvinne vart overfallen utanfor stovevindauga hans natt til tysdag.

Redningsmenn, overfall

REDNINGSMENN: Frå venstre: Øyvind Olufsen, Eirik Løkke og Thomas Gundersen på staden der overfallet skjedde.

Foto: Johannes Morland / NRK

Natt til tysdag vart ei kvinne overfallen av ein gjerningsmann i Sigurds gate i Bergen. Olufsen og kameraten Eirik Løkke såg overfallet frå vindauga sitt, og sprang ut for å ta gjerningsmannen.

- Me pussa opp i leiligheita då det skjedde, seier Løkke.

LES OGSÅ: Kvinne overfallen i Bergen

Høyrde rop om hjelp

I byrjinga skal kameratane ha trudd at det var to menn som hadde havna i slåsskamp. Kort tid etter høyrde dei at ei dame ropte etter hjelp.

- Ho ropte "gå vekk" og "hjelp". Då sprang me ut og ropte til gjerningsmannen at han måtte ha seg vekk. Han sprang bort frå staden og gøymde seg bak ei bosskorg ved Kvarteret, seier Olufsen.

SJÅ VIDEO: (Artikkelen held fram under)

Video OVERFALL-130710-HO-200240-SI_HO.mp4

Der overmanna Olufsen gjerningsmannen, og heldt han nede fram til politiet kom til staden.

- Dei kom kort tid etterpå, seier Løkke til NRK Hordaland.

Olufsen har gjennom jobben som dørvakt vore vane med å gå inn i situasjonar som krev fysisk makt.

- Men denne typen situasjon har eg aldri vore ute for. Det er ikkje akkurat ei kvardagsoppleving, seier han.

Takka

Ein annan nabo, Thomas Gundersen, kom ut på gata og observerte kvinna som var offer for overfallet.

- Ho verka veldig forfjamsa og sprang i motsett retning av det gjeningsmannen hadde gjort. Ho sa takk før ho sprang. Eg veit ikkje om ho var skadd eller ikkje, seier Gundersen.