Hopp til innhold

- Kven vil feire jul med oss?

NORDFJORDEID (NRK): Familien Løvoll/Vidnes i Eid har bestemt seg for å opne døra si om nokon er einsame julekvelden. Det er mange som slit med einsemd i julehøgtida, seier Røde Kors.

Familien Løvoll Vidnes gler seg til jul

TAR IMOT GJESTAR I JULA: Frå venstre: Malene, Amandus, Balder og Ingar. Bak: Jeanette Løvoll og Svein Vidnes.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Juletreet står pynteklart i huset til Jeanette Løvoll og Svein Vidnes. Men i år har familien på Nordfjordeid tenkt å gjere noko nytt. Førre veke la dei ut melding via Eid Frivilligsentral om at storfamilien ynskjer seg fleire julegjestar, om det er nokon som har lyst på selskap.

– Det er jo ikkje noko problem, det er jo berre å dekke på til eit par til. Vi har eit stort bord, seier Jeanette Løvoll.

– Vi har plass

Familien hadde tenkt på det i mange år, men det hadde ikkje blitt noko av. Men så i år tok Jeanette tak og gjorde noko med det:

– I år kom eg heim frå arbeid, og sa til Svein at eg hadde vore på Frivilligsentralen og sagt frå om at om nokon vil, så kan dei kome hit.

Det er ikkje akkurat tomt i huset frå før. Seks born, og tre vaksne gjestar frå før, betyr at dei alt er 11 rundt bordet. Men Svein Vidnes seier dei har nok av plass.

– Vi har plass. Det er kanskje slik at nokon ynskjer å sitje åleine i jula, men for dei som ikkje vil det kan jo det vere litt kjedeleg. Då er det kjekt seie frå om at her finst plass om nokon har lyst å kome.

Blir liv og røre

Familien stiller ikkje strenge krav. Men med seks born i huset må ein tole litt liv og røre. I tillegg bur det ein liten hund og ein katt i huset. og julekvelden er alkoholfri.

Då NRK var på vitjing snakka vi med fire av borna, Malene, Amandus, Balder og Inger. Dei er spente på om nokon kjem på besøk.

– Eg trur det blir veldig kjekt, det blir fint og moro. Vi har sikkert plass.

Planane for julekvelden er sjølvsagt klare.

– Vi et mat og opnar gåver og bråkar, ler dei.

– Kjem nokon på besøk må dei tole masse bråk, seier ein.

Men dei andre meiner dei kanskje ikkje treng å bråke så mykje. Men det er kjekkast om ein slepp å bli hysja på.

Mange er einsame

I Norges Røde Kors veit dei at dette er tida der mange strevar ekstra med einsemd. Generalsekretær Åsne Havnelid seier dei kan ha over 300 fellesarrangement kring om i landet i jula. I tillegg har ein julesentralen saman med avisa VG der folk kan kome i kontakt om nokon ynskjer å feire høgtida med andre.

– I jula er det kanskje ekstra sårbart det å vere åleine, fordi det er så mange forventningar. No er det ekstra viktig å bry seg alle saman. Undersøkingar syner at ein av fire nordmenn kjenner på det å vere einsame.

Røde Kors sine erfaringar er at det er mange kring om i landet som vil opne dørene til heimen sin, men terskelen på andre sida kan vere høg når det gjeld å tore å takke ja.

– Der er befolkninga veldig rause, det er ganske mange som inviterer folk heim. Men terskelen for å reise heim til nokon er nok litt høgare enn når det gjeld å gå på fellesarrangement.

Så fellesarrangementa har vore mest populære, og særleg for barn. Vi har meir enn 8700 barn som skal på ulike aktivetar gjennom jula med Røde Kors, og det er veldig hyggeleg.

– Vi må bry oss

Havnelid seier det er viktig at vi alle bryr oss i jula.

– Det å bry seg om folk i nabolaget, tenke over om ein kjenner nokon som ikkje har familie rundt seg. Kanskje stikke innom nokon, slå av ein prat og ta seg ein kopp kaffi. Kanskje det kan vere å ringe ei tante eller ein onkel som ein ikkje har prate med på lenge. Om kvar og ein av oss bryr seg litt ekstra no. blir det ei mykje betre jul for veldig mange.

– Vanskeleg å oppdage einsemd

Jeanette Løvoll og Svein Vidnes har så langt ikkje fått svar på annonsen som dei anonymt la ut på Facebook gjennom Eid Frivilligsentral, og det er framleis mogleg å ta kontakt med dei om ein ynskjer nokon å feire jula med.

Familien brukte litt tid på å bestemme seg då NRK tok kontakt, fordi dei ikkje ynskjer noko personleg merksemd rundt dette med invitasjonen. Jeanett Løvoll håpar at fokus på einsemd kan gjere at folk tenkjer gjennom korleis andre har det i jula.

– Eg synest det er vanskeleg å finne ut om nokon feirar åleine. I fjor var det ei som står meg ganske nær som eg oppdaga fyrst etter jul at ho hadde feire åleine. Ein går jo gjerne ikkje rundt og spør folk kva dei skal gjere på julaftan.