Han meiner at Gulen-ordførar Trude Brosvik frå KrF eigentleg tek til orde for eit raudgrønt regjeringsalternativ. Dette er han litt uroa over. I alle fall viss KrF sentralt står for det same, seier han.
Usikker på utfallet etter valet
Åge Starheim meiner på si side at Framstegspartiet og KrF kjemper for mange av dei same sakene her i fylket, og at eit samarbeid er mogeleg. Men han er no redd Krf ikkje vil støtte eit borgarleg regjeringsalternativ. - Då står vi berre att med Høgre, FrP og Venstre på den borgarlege sida, og då er eg usikker på resultatet etter valet, seier han.
Åge Starheim ser det ikkje som problematisk at partileiar Carl I. Hagen har uttala at det ikkje er aktuelt å støtte ei regjering med Kjell Magne Bondevik som statsminister.
Samarbeidar begge vegar
Krf-ordførar i Gulen, Trude Brosvik, seier på si side at det er uaktuelt med eit formalisert samarbeid med Frp, men avviser at ho er for eit raudgrønt regjeringsalternativ. Men ho legg ikkje skjul på at KrF er eit sentrumsparti som samarbeidar godt begge vegar.