Hopp til innhold

- Kraftig auke i influensasjuke

Mange personar i Førde kommune er no sjuke med svineinfluensa.

- Vi har eit smitteraid no. Tidlegare hadde vi ein annan type virus, men no ser vi at nesten alle prøvar som blir tekne, viser svineinfluensa. Det er stort fråver i skulane, opplyser Magni Håvardstun, einingsleiar for helse og barn i Førde kommune.

- Smittesituasjonen er her

- Men no er det viktig å følgje oppmodingane frå i sommar. No er smittesituasjonen her. Vi har mange born og unge som er sjuke og det er stort fråver i skulane, legg Håvardstun til.

Tilsaman har ein til no brukt kring 1 500 vaksiner i kommunen. NRK melde i helga at ein no er ferdige med å vaksinere risikogruppene , men dette er ikkje rett.

- Også onsdag, frå klokka 16 til 18, vil vi vaksinere risikogruppene. Men parallelt har vi også tilbod til andre samfunnsfunksjonar som får eit visst tal vaksiner. Desse må prioriterast internt, opplyser Håvardstun.

Ventar på vaksine

Helsestasjonen har også byrja å kalle inn pårørande for barn under seks månadar. Deretter går turen til vaksinering av barn over seks månadar. Her har kommunen no gått ut med generell informasjon til barnehagar og skule. Etter at born og ugndomar er vaksinerte, startar massevaksineringa for fullt.

- Problemet er at vi ikkje veit kor mykje vaksine vi får, og når vi får dei. Ein må følgje med på nettsidene til Førde kommune . Dei blir oppdatert så fort som råd, seier Håvardstun.