Hopp til innhold

- Konkurransevridande støtte

- Det er djupt urettferdig at Årdal fekk titals millionar i omstillingsmidlar når dei i dag manglar arbeidskraft, meiner ordførar i Lyngdal, Hans Fredrik Grøvan.

Lyngdals-verksemda Nordic dørfabrikk er hovudkonkurrenten til Dooria.

Ordføraren meiner pengane verkar konkurransevridande istaden for å hjelpa eit kriseråka samfunn.

- Ein parodi 

- Det er nesten ein parodi at ein skal gje statlege midlar til ein kommune som no faktisk ikkje har nok arbeidskraft, seier Grøvan.

Det var krisestemning i Årdal i februar i år. Lokalsamfunnet ville hindre Hydro å stengje dei eldste omnane, der 130 personar arbeidde.

Dåverande næringsminister Odd Eriksen nekta å gripe inn, men løyvde 70 millionar til omstilling i bygda.

Hovudkonkurrenten til Dooria i Årdal, Nordic dørfabrikk i Lyngdal, fekk ingenting.

- Hadde bruk for pengane

At Årdal skal ha fått unødvendig mykje pengar er ordførar Arild Ingar Lægreid ikkje samd i.

- Kritikken blir heilt feil. I Årdal hadde me nytte av desse ekstramidlane. Midlane gjer at dei som må slutte i Hydro får seg andre jobbar, seier Lægreid.

Tidlegare Næringsminister Odd Eriksen, var den som gav Årdal dei 70 millionane.

Også han forsvarar tildelinga og avviser at Årdal fekk meir enn det som var naudsynt.

- Dette vart svært viktige pengar for å få omstillingsprosessen i gang, seier Eriksen.