Hopp til innhold

- Kjedeleg at det er dødballar som avgjer kampen

ASPMYRA (NRK): Comebacket i Tippeligaen enda med tap for Sogndal då dei møtte Bodø/Glimt på Aspmyra.

Eliteseriestart på Aspmyra

FOR STERKE:

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Bodø/Glimt vart to hakk for sterke og vann til slutt kampen 2–0. Dermed vart det ingen poeng med heim til saftbygda for Sogndal.

– Det var ein jamn kamp og eg følte vi styrte mesteparten av kampen. Men så slapp vi inn mål på dødball og då blei Bodø/Glimt liggjande å kontre litt. Men det er surt å tape når vi er såpass inne i kampen som vi er, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Er mange poeng å spele om

Neste kamp får Sogndal besøk av Vålerenga heime, og Bakke understrekar at dei no ser framover.

– Dette var éin kamp, og det er gutar her som ikkje har spelt på dette nivået før. Men dei fekk kjenne litt på det i dag, og så viser vi at vi i mange delar av spelet er betre enn Bodø/Glimt. Men dei scora to mål og vi scorar null. Vi må løfte oss til neste helg, og så er det mange poeng å spele om, seier Bakke.

– Vi har ballen såpass mykje at vi må bli flinkare til å tore å halde ballen. Elles vert vi straffa når vi gir den frå oss. Og å sleppe inn mål på dødball må vi luke vekk, elles vert det tøft, seier Bakke.

Vil bli ferdig med kampen fortast mogleg

Han er klar over at fram mot Vålerenga-kampen vil han og laget halde fram med å fokusere på det som dei har jobba med.

– Vi skal bite godt frå oss. Dette var ein av fleire kampar. Borte mot Bodø/Glimt er ein tøff kamp, og det er serieopning og mykje kan skje. Måla vart scora rett før pause, så det er berre å bli ferdig med denne kampen fortast mogleg, seier Bakke.

Føler ikkje dei har noko å frykte

Sogndal-kaptein Rune Bolseth hadde helst sett at det vart med nokre poeng heim i bagasjen.

– Dette var kjedeleg. Første målet rett før pause gjer det vanskeleg for oss. Vi spelar til tider bra og skapar ein del, men vi manglar det vesle ekstra, seier Bolseth.

– Dei smeller dei inn, medan vi må bli litt meir tøffe i boksen når vi har moglegheita, seier Bolseth.

– Kor tøft trur du det blir for dykk i eliteserien i år?

– Klart det er forskjell på tippeliga og 1. divisjon. Men etter denne kampen her føler eg ikkje at vi har noko å frykte. På dødball skal vi vere betre enn Bodø/Glimt, så det er veldig kjedeleg at det er det som delvis avgjer kampen, seier Bolseth.

Laster innhold, vennligst vent..