Hopp til innhold

- Katter får kreft av p-piller

Veterinærar åtvarar no mot å gje pusen p-piller. Kattar som går på p-piller vil før eller seinare utvikla kreft, hevdar dei.

katt

UTSATT: Veterinærar ser at kattar som får p-piller i lang tid får jursvulstar.

Foto: Johnny Samuelsson / SCANPIX

Sjansen for at katten din skal få kreft er langt større om den får p-piller. Veterinærar ser at kattar som får p-piller i lang tid får jursvulstar.

Promon og Perlutex er dei mest brukte p-pillene til katt. Veterinærane meiner medikamenta har så store biverknader, at dei no åtvarar mot å gje slike piller til katten.

NETT-TV: Vil ikkje trekka tablettane frå marknaden

- Me vil frårå det heilt. Me anbefalar i staden kastrering. Og helst kastrering i tidleg alder. Jo tidlegare katten blir kastrert, jo minder er risikoen for at dei får jursvulstar seinare, seier veterinærspesialist Eva Heldal Monsen ved Dyreklinikken på Stend.

- Nytten større en risikoen

Ved Dyreklinikken på Stend får dei ofte inn kattar med svulst. Blir ikkje katten operert i tide dør den. Utan behandling kan svulstane påføra katten store lidingar. I verste fall får den store, opne jursår som er betente

Statens legemiddelverk har godkjent p-pillene. Dei har ingen planar om å trekka medikamenta frå marknaden.

- Sjølv om det er kjent at biverknaden for desse p-pillen er auka risiko for kreft, vurderer me likevel at nytten er større enn risikoen. Det finnest ikkje alternativ medisinsk behanlding for å unngå kattungar, seier Hanne Bergendahl, som Seniorrådgiver ved seksjon for veterinærmedisin i Statens legemiddelverk.

Sel 2,5 mill. tablettar

Ho legg til at dette må vurderast av veterinær for den einskilde pasient, og difor er pillene på respet.

Det finnest ingen sikre tal på kor mange kattar som pådreg seg svulst som fylgje av p-piller. Årleg vert det selt 2,5 millionar tablettar av Promon og Perlutex.

Marianne Eiekland har nettopp lagt ut over fem tusen kroner på svulstoperasjon og kastrering av katten sin. Rasekatten Isabella er berre fem år gamal, og har mest truleg utvikla jursvulst som fylgje av bruken av p-piller. Eikeland er overraska over at katten fekk svult så fort.

- Dette er veldig trist for oss. Eg hadde planar om at katten skulle få eitt kull til. Eg synest jo det er vedlig rart at me ikkje komen lenger i vår tid. Det blir gjort mykje for oss mennesker. Kvifor vert det ikkje gjort meir for kattane våre, spør ho.

Dyrt på sikt

Mange katteeigarar vel p-piller for å hindra ny kattekull. Det er langt rimelegare å gje katten p-piller enn å kastrere den. Eitt års forbruk av p-piller kostar mellom 150 - 200 kroner, medan kastrering kostar frå 1500 til 2000 kroner. Men det kan likevel bli dyrt på lang sikt å gje katten p-piller. For skal den opererast for kreftssvulstar må ein rekne med utgifter på 5000 kroner.