Hopp til innhold

Kan ikkje kallast eit sjukehus, meiner Legeforeningen

Legeforeningen er i sitt høyringssvar til Helse Vest kritiske til planane for Nordfjord sjukehus. Dei meiner det faglege innhaldet ikkje tilfredsstiller det ein kan forvente seg av eit sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

KAN IKKJE KALLAST SJUKEHUS: Legeforeningen meiner at det faglege tilbodet ved Nordfjord sjukehus ikkje svarar til det ein kan forvente av eit sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Slik Nordfjord sjukehus er no, og er lagt opp til å vere, så tilfredsstiller det ikkje det vi meiner er eit sjukehus. Vi trur heller ikkje det tilfredsstiller det folk flest vil kalle eit sjukehus, seier Marit Halonen Christiansen, sentralstyremedlem i Legeforeningen.

Marit Halonen Christiansen i Den Norske Legeforening.

NAMNET SVARAR IKKJE TIL INNHALDET: Den Norske Legeforeningen, og styremedlem Marit Halonen Christiansen, meiner det faglege innhaldet ved NOrdfjord sjukehus ikkje svarar til det ein kan forvente å finne på eit sjukehus.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff / Thomas Barstad Eckhoff/Den norsk

Legeforeningen sitt høyringssvar kjem i samband med Helse Vest sin sluttrapport frå utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus. Prosjektet har hatt som føremål å seie noko om den framtidige organiseringa av lokalsjukehus, og Nordfjord sjukehus har vore ein pilot i dette arbeidet.

Må ha akuttfunksjon for å vere eit sjukehus

- Det er vanskeleg å kalle Nordfjord sjukehus for eit lokalsjukehus etter dei faglege retningslinjene vi legg til grunn. Vi meiner at akutt kirurgi må vere tilgjengeleg for at det skal vere eit fullverdig sjukehus, seier ho.

Ho og Legeforeningen trur at dei fleste tenkjer at eit sjukehus kan behandle eit vidt spekter av sjukdommar og tilstandar, men med eit så spesialisert tilbod som det er ved Nordfjord sjukehus, så er det vanskeleg.

Den siste tida har det også fleire teke til orde for at eit dagkirurgisk tilbod må kome på sjukehuset. Tidlegare helseminister, Jonas Gahr Støre, har også skrive brev til Helse Vest, der han skriv at sjukehuset bør ha eit slikt tilbod.

Det er likevel ikkje bra nok for Legeforeningen.

– Det er eit kjempegodt tilbod, og ein god måte å få unna planlagde operasjonar på, men det er ikkje eit akutt tilbod. Det er framleis ikkje kirurgi på kveld, natt og helg. Skal det vere eit lokalsjukehus, så må det vere eit tilbod om akutt kirurgi, understrekar ho.

Legeforeningen skriv i sitt høyringssvar at for at folket ikkje skal bli forleda, bør einingar med tilbod som ved Nordfjord sjukehus, ikkje kallast sjukehus, men noko anna.

Blir vanskelegare å rekruttere

Legeforeningen er også skeptiske til at ansvarsforholda ikkje er klare nok, slik modellen framstår. I tillegg uroar dei seg for rekrutteringa.

– Det er lagt opp til eit sjukehus med smale oppgåver, då blir det lite utfordrande for spesialistane. Det står også i rapporten, at det kan bli vanskeleg med rekruttering. Og er det noko ein treng, så er det gode fagfolk. Det gjeld ikkje berre legar, men også intensivsjukepleiarar og andre. Den beste måten å rekruttere folk på, er å tilsette folk som er i opplæring på, og blir utdanna ved sjukehuset, seier Christiansen.

Legeforeningen meiner at slik systemet er tenkt no, så går ikkje det, for ein får ikkje den nødvendige praksisen. Dermed må sjukehuset framover basere seg på å leige inn vikarar, eller få personell frå Førde.

NRK har snakka med styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad. Ho meiner det er for tidleg å diskutere innhaldet i dei ulike høyringsinnspela som Helse Vest har fått inn.

Jorunn Ringstad

SKAL SKRIVE EIGE SVAR: Styret i Helse Førde, her ved styreleiar Jorunn Ringstad, får saka på sitt bord, og styreleiaren vil difor ikkje uttale seg om dei ulike høyringsinnspela no.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Helse Førde skal sjølv få saka opp til behandling, og det er for tidleg å gå inn i dei ulike innspela som er komne inn, seier Ringstad.