Hopp til innhold

- Kamp om føden er populisme

- Forslaget om å få tilbake fødeavdeling i Lærdal er rein populisme.

Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

Det sa ordførar i Vik, Marta Finden Halset på representantskapsmøtet i Sogn og Fjordane Ap i helga.

Finden Halset har jobba i mange år ved Lærdal sjukehus, og seier pasientar med til dømes kols, hjartesjukdom, diabetes og kronikarar er grupper som treng opprioriterast.

- Det sit langt inne hos meg å seie at det skal gå på bekostning av fødetilbodet, for eg innser sjølvsagt at fødetenesta må vi ha. Men indre Sogn har store pasientgrupper i industrisamfunnet Årdal som har betalt med helsa si. Avstandane til Førde kan verte lange for til dømes ein hjartepasient.

Fly forbanna

Finden Halset provoserte ordførar i Lærdal, Arne Sanden.

- Eg blir fly forbanna når eg høyrer slikt. Folk i Lærdal, Årdal, Luster og ikkje minst i Nordfjord er opptekne av fødetilbodet for kvinnene i regionen vår.

- Ikkje populisme

Han avviste kategorisk at kamp for fødeavdeling er populisme.

- I den grad vi er populistar når vi fremjar eit slikt framlegg, ja så er vi glade og lukkeleg populistar.

Sanden avviser også at andre pasientgrupper blir taparar.

- Det kan eg ikkje sjå, ikkje i det heile teke.