Hopp til innhold

- Jordskjelv hjelper dataverksemder

Nordfjord trur på meir datalagring etter jordskjelv og vulkanutbrot på Island.

Lefdal Gruve

Lefdal gruve i Nordfjord kan vere styrkt i kampen om datalagring.

Foto: Lefdal Gruve

Vulkanutbrotet på Island kan styrkje Nordfjord i kampen om plass for datalagring.

Jordskjelv og vulkanutbrot svekkjer kandidaturet

IT-gigantar som Microsoft og Google er på leiting etter stader der dei trygt kan lagre dataa sine. På Island blir det satsa sterkt på område for datalagring, men no kan jordskjelv og vulkanutbrot få endå ein negativ konsekvens.

Dagleg leiar i IT-føretaket Local Host A/S i Måløy, Sindre Kvalheim, trur at valkunutbrotet svekkjer islendingane i konkurransen om å få lagre data.

– Eit av dei fundamentale krava til stader der data blir lagra, er sikring mot underjordiske skjelv. Geologiske ustabilitetar vil vere veldig uheldig, fortel Kvalheim.

Han får støtte frå prosjektleiar i IKT-Norge, Benedicte Waaler.

– Island var fyrst ute med datalagring, men no kan dei andre nordiske landa, som òg har rein kraft og kjøleg klima, kome til å liggje litt betre an, meiner Waaler.

Auka fokus på datalagring

Waaler meiner hendingar som 11. september og orkanen Katrina i USA har vore med og sett søkjelyset for sikker datalagring.

– Viss ein katastrofe skjer, vil ofte heile føretaket forsvinne. 90% av norske føretak er ingenting utan dataa sine, fortel Benedicte Waaler.

Sindre Kvalheim i Local Host A/S trur olivingruva djupt inne i eit fjell i Nordfjord er ein svært eigna plass for datalagring. Føretaket er ein av 3-4 norske aktørar som satsar på område for datalagringssenter.

– Her satsar me på lagring av dei tyngste og viktigaste dataa, avsluttar han.