Hopp til innhold

- Ingen veit kvar smitta kjem frå

Ingen veit framleis ikkje korleis ein to år gamal gut vart smitta av e.coli-bakterien.

Stårheim i Eid kommune.

Mattilsynet og kommunehelsetenesta har ikkje funne ut korleis ein to år gamal gut vart smitta av e.coli-bakterien.

Foto: Ole Martin Rafshol

Guten vart sjuk i jula og døydde onsdag kveld på Haukeland sjukehus . Ein dag etter at e.coli-smitta var påvist.

- Vi har ingen mistanke til kvar guten er smitta, seier smittevernlege i Eid kommune, Einar Sandven.

- Vanskeleg jobb

Bygda Stårheim er sterkt prega av det tragiske dødsfallet. Både kommunehelsetenesta og Mattilsynet arbeider med å finne smittekjelda . Seniorrådgjevar i Mattilsynet, Harald Nordås, seier at jakta på tarmbakterien er ei vanskeleg oppgåve.

- Det er ofte enkelttilfelle og det blir ofte som å leite etter "nåla i høystakken", seier han og nemner mat, vatn og dyr som mogleg smittekjelde.

Same bakterie som i 2006

Kvart år får kring 20 personar påvist e.coli-smitte på landsbasis. Bakterien er vanleg, men nokre former er sjukdomsframkallande og gjev tarminfeksjon. Siste utbrot var i 2006 då bakterien vart funnen i Sognemorr .

- Det er same bakterien no som det var snakk om for nokre år sidan i Sognemorr, seier Sandven. Førebels er det ingen nye tilfelle av smitta.