Hopp til innhold

- Ingen grunn til å bli høg på pæra

Gjøran Tefre (18) er teken ut på juniorlandslaget for menn. Men langrennsløparen frå Førde held beina trygt planta på jorda.

Gjøran Tefre

PÅ LANDSLAGET: 18-åringen frå Førde er ein av fire som skal vere under landslagstrenar Brit Baldishol sine venger neste sesong.

Foto: Bjørn L. Olsen

– Det er ingen grunn til å bli høg på pæra av dette, seier han same kveld som nyhenda har blitt offentleg.

Han har ei stund no gått med ein hemmelegheit som det har vore vanskeleg å halde for seg sjølv. Men fredag kunne han endeleg fortelje at han er plukka ut til å vere blant dei fire løparane på juniorlandslaget.

– Det er berre kjempegøy, seier førdianaren til NRK.no.

Hadde vanskeleg med å halde det skjult

For nokre veker sidan avslutta han denne sesongen med NM-bronse og andreplass i noregscupen samanlagt. Som den nest beste 18-åringen i landet har han tydeleg blitt lagt merke til, for i landslagsuttaket som vart klart fredag var Gjøran Tefre på lista.

– Eg sjølv fekk vite det av trenaren for litt sidan, men eg har jo ikkje kunne seie det til nokon, seier han.

– Korleis har det vore?

– Det har vore forferdeleg. Det er jo på ein måte greitt når det er ei så bra nyheit, men det har vore vanskeleg å halde det for seg sjølv, seier han blid.

Satsar mot dei gode opplevingane

Og det har blitt mykje å glede seg over i det siste. Sesongen han har lagt bak seg syner klart att heime på premiehylla.

Han står med to internasjonale medaljar frå nordisk meisterskap i Estland, gull med Sogn og Fjordane sitt stafettlag i junior-NM, individuell NM-bronse og eit par noregscupsigrar, i tillegg til andreplassen i noregscupen samanlagt.

Til dagen går han på toppidrettsgymnaset på Geilo, der han satsar for fullt på langrenn. At han no er teken inn i landslagsvarmen betyr mykje. Likevel er det unge talentet klar på at han ikkje har tenkt å la det gå heilt til hovudet på seg.

– Eg går på ski for å få så mange gode opplevingar som mogleg. Det å få vere med på eit av verdas aller beste juniorslanslag blir ei oppleving, seier han til NRK.no.

Vil ikkje skuffe seg sjølv

Førebels har han ikkje sett seg dei heilt store måla for neste sesong, og vedgår at han er av typen som er litt forsiktig med å vere for konkret.

– Eg vil eigentleg berre få framgang og gå fort på ski, seier han og legg til:

– Eg er litt forsiktig med å setje meg masse mål, for då kan ein fort bli veldig skuffa om ein ikkje når dei, seier han.

Likevel er det ingen hemmelegheit at det er junior-VM neste år, og at dette blir ei gulrot å strekkje seg etter.

– No ligg ting til rette for at ting skal bli bra, så eg håpar at eg kjem meg til VM, gliser han.