- Ingen av oss vil tilbake til nedstenginga vi hadde i vår

Kommunen ber no folk halde oversikt over kven ein er saman med.

OPPDATERING: Bergen kommune inviterer til pressekonferanse om smittesituasjonen klokka 14.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Dei ferske tala viser at smitten i bergensområdet held fram med å auke. Bergen kommune inviterte laurdag til pressekonferanse om smittesituasjonen.

Byrådsleiar Roger Valhammer, helsebyråd Beate Husa og medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen var til stades.

– Når vi denne veka har innført strengare tiltak, bygger det på vurderingar gjort av våre fagfolk. Først etter at tala kom inn tysdag formiddag endra dei faglege råda karakter, seier byrådsleiar Roger Valhammer og viser til pressekonferansen torsdag.

Kan kome strengare tiltak

Den siste veka har Bergen 220 nye smittetilfelle. Dersom tiltaka som er innført i Bergen ikkje fungerer, vil kommunen innføre strengare tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet. Slik situasjonen er no tek særleg smittesporingsarbeidet tid.

– Vi har tilfelle kor ein har opp mot 50–60 nærkontaktar, og tilfelle kor ein ikkje veit kven som er nærkontaktar, seier byrådsleiaren som oppmoda folk om å halde oversikt over kven ein er saman med, seier Valhammer.

Han samanliknar situasjonen med våren.

– Ingen av oss vil tilbake til den omfattande nedstenginga vi hadde i vår. Dagens smittetalet er det høgaste nye smittetalet som er registrert på ein dag i Bergen. 220 tilfelle på ei veke er ganske kraftig når ein til samanlikning hadde om lag 278 tilfelle i heile mars månad, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Av dei nye tilfella er seks personar over 60 år.

– Dagens tal er høge. Det viser at snittalderen aukar tydeleg. Fire bebuarar og ein tilsett på Gartnermarken er smitta, fekk vi vite i dag, seier helsebyråd Beate Husa, og held fram:

– Dette understrekar alvoret. Smitten har nådd sårbare grupper, og krafttaket vi er saman om nå handlar om å vise solidaritet me dei som er sårbare blant oss.

– Takk til alle som er med og bidreg, seier Husa.

Fagsjef: – No er det alvor folkens

Medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen informerte om korleis viruset smittar. Han understreka at smitten i størst grad skjer ved ferske symptom.

– Det vil seie at ein kan vere smitta utan å merke noko, fordi dei først dukkar opp nokre dagar seinare. Det kan også vere nokre som har så lette symptom at det blir oversett, seier han.

Det tek rundt fem-seks dagar frå ein blir smitta til ein får symptom.

Dette har gjort det nødvendig å innføre dei tiltaka vi no har i Bergen.

Smitten kan altså spreie seg utan at smitteberaren veit om det.

– Smittefaren er også størst ved større samkomer, og i mindre grad på butikkar, buss og bane, seier han.

Han understreka at ein ikkje må så tvil om dei faglege råda.

– Det er med på å undergrave effekten som tiltaka har. Det er legitimt å diskutere tiltaka på eit fagleg grunnlag. No er det alvor folkens.

Nye smittetilfelle

Ifølgje Helse Bergen er det no totalt tre koronapasientar som er innlagde på Haukeland. To av desse testa positivt i dag, laurdag.

I tillegg har to tilsette ved sjukehuset testa positivt, totalt har så langt 21 tilsette fått påvist koronaviruset.

På Askøy opplyser kommunen om at fire nye er smitta.

– Alle dei fire er busett på Askøy. Det var umiddelbart sett i gang smittesporing som førte til at om lag 80 personar no er sett i karantene, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Blant desse er tre skuleklasser ved Træet skole.

Smittevegen er kjent og risikoen for vidare smitte skal vere lav, ifølgje kommunen.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde