Han seier dette går hardt inn på dei pårørande. - Det har hendt at dei næraste pårørande ikkje kjem fram til første bilen bak likvogna slik at dei kan fylgje sine kjære til gravplassen, seier Kvamme.
Bilkortesje
Etter at det for eit halvt års tid sidan vart opna ny gravplass i Førde, har gravfølgja køyrt i bilkortesje frå Førde kyrkje via Angedalsvegen til den nye gravplassen som ligg på Hafstadflata ved E39. Men gravferdsbyrået opplever stadig at bilstar ikkje tek omsyn. - Dei kan tute fordi det kjem bilar med kross på taket fram i vegbana, seier Eirik Kvamme.

Den nye gravplassen på Blomereina i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK
Må be politiet om hjelp
Fjordane Begravelsesbyrå har ved fleire høve sett seg nøydde til å be politiet i Førde om hjelp til å dirigere trafikken fordi bilistar ikkje stoppar for gravfølgjet når det prøver å komme seg inn på Angedalsvegen. - Men vegtrafikklova er klar, bilistar har å ta omsyn til eit gravfølgje, seier gravferdsagenten.
Florø-folk viser respekt
I Florø har Fjordane Begravelse køyrt gravfølgje i byen i ei årrekke. Der opplever dei det motsette av Førde, at folk viser stor respekt for dei sørgande. - Vi ser fram til den dagen vi kan vere like stolte av trafikantane i Førde som vi er over trafikantane i Florø, seier Eirik Kvamme.