Hopp til innhold

- Ikkje haldbart av Tide

Innbyggarane på Byrknes i Gulen reagerer kraftig på at Tide Sjø ikkje sette inn ny ferje på sambandet Leirvåg-Skipavik-Sløvåg mellom Austrheim og Gulen.

Byrknes
Foto: Merete Høidal / NRK

Sambandet var innstilt frå klokka 22 onsdag til klokka 14 torsdag.

Cato Birknes, som er dagleg leiar for lakseslakteriet Martin Birknes etterfølger, seier det er uhaldbart for dei som skal drive næringsverksemd å bli isolerte på denne måten.

- Vi på Byrknes syns dette er heilt tragisk. Hovudpulsåra vår er kutta.

- Bilar står og ventar på å hente fisken, og vi får ikkje ut emballasje. Det står to bilar i Sløvåg og ventar på å kome ut hit.

- Burde sett inn ekstra ferje

Birknes syns ikkje det er haldbart at dei har vore utan ferje i så mange timar.

- Når ferja fekk problem i går klokka 22, burde dei hatt på plass ny ferje til første ferjeavgang i dag tidleg. Og det hadde dei hatt sjans til, hadde det vore litegranne velvilje hos Tide.

Ekstrakostnader

Birknes har 200 tonn aure som skal austover, og som ikkje kom over fjellet. Han har no leigd båt for å få emballasjen over til øya. Han har framleis ikkje oversikt over kva dette kjem til å koste han.

- Båten kostar oss nærmare 20.000 kroner. Så er det eventuelle erstatningskrav frå eksportørane som ikkje får fisken dei skal ha. Det har vi ikkje kontroll over enda.

Ekstraferja lå på Stord

Tide Sjø beklagar det som har skjedd, men seier det var uråd å få sett inn ei ekstra ferje i tide. Det seier informasjonssjef i Tide, Arild Sondre Sekse.

- Vi har jobba kontinuerleg med å få ei løysing, men det gjekk lang tid denne gongen.

- Reserveferja vi har tilgjengeleg var på Stord, og på grunn av kviletidsreglar var det ikkje lov å få den i gang før i dag tidleg. Og den har 6-7 timar å gå til Gulen. Så vi fann ut at det var betre å sende opp ein reparatør og fikse ferja som går på sambandet.

Delta i debatten