Hopp til innhold

- Ikkje førebudd på oljesøl

Eit oljesøl i verdsarvområdet i Aurland kan ta lang tid å rydde opp, fryktar brann- og beredskapssjef Arvid Gilje.

Opprydding etter oljeutslipp i Geirangerfjorden

Frå oppryddingsarbeidet i Geirangerfjorden.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Søndag sleppte cruiseskipet "Spirit of Adventure" ut store mengder diesel og olje i Geirangerfjorden . Aurland er ikkje budd på å handtere ei liknande hending, om uhellet først er ute.

- Vi hadde øving i 2005 der vi øvde på utslepp frå cruisskip i Flåm, med popcorn som olje. Det viste at vi ikkje har meir enn 100 meter oljeabsorberande lense utan skjørt. Vi treng 300 meter, seier brann- og beredskapssjef Arvid Gilje.

- Burde hatt sjølve

Konsekvensen blir at kring lensene må hentast inn frå Leikanger eller Florø med fly. Dersom helikopter ikkje er ledige, må lensene fraktast landevegen.

- Og det vil jo ta litt tid. Vi burde hatt dette sjølv, seier Gilje og fryktar at det vil ta lang tid å få rydda opp etter eit eventuelt oljesøl i Flåm eller Nærøyfjorden.

Fryktar utslepp

Brann- og beredskapssjefen fryktar at eit liknande utslepp som i Geiranger også kan skje i Aurland.

- Det er klart. Når uhellet først er ute, så kan det skje kvar som helst. Vi har sikkert like mange cruiseskipanløp og mange andre båtar i området vårt som i Geirangerfjorden, seier han.

- Fortare enn du anar

Etter øvinga i 2005 bad Gilje hamnesjefen om å kjøpe inn 300 meter oljeabsorberande lenser med skjørt.

- Då kunne vi omringa med ein gang eit cruiseskip som slepp ut olje, og ein kan hindre at oljen til dømes når badestranda i Flåm. Oljen kjem fortare enn du anar til stranda, seier han.

- Ikkje optimalt

Gilje meiner beredskapen er langtifrå optimal om det skulle skje ei oljeforureining. Sidan Nærøyfjorden er verdsarvområde, meiner han det er ekstra urovekkande at kommunen ikkje er budd på å takle utslepp.

- I 2005 kosta det 300 000 kroner for 300 meter. Dersom det skulle skje eit oljesøl, så vil lensene bli øydelagde fordi dei absorberar oljen. Men då ville du fått nytt utstyr, slik at dette er ei eingangs investering, seier han.

Må avklarast

Gilje vil på nytt kontakte hamnestyret i Aurland og be dei gjere naudsynte investeringar. Men hamnesjef i Aurland Jon Erik Johnsen seier det i utgangspunktet ikkje er aktuelt for dei å bruke pengar på å kjøpe inn meir beredskapsutstyr.

- Vi har vurdert dette tidlegare og vurdert det slik at ikkje gå til innkjøp i regi av hamnevesenet. Fordi andre ting, som t.d. ansvar, må avklarast, seier han.

Lense på cruiseskip

Johnsen deler frykta til Gilje og vil vurdere innkjøp av lenser på nytt.

- Katastrofe å få slike ting inn i fjordane. Spesielt i eit basseng som indre Flåm der det er vanskeleg å rydde opp, seier han. I mellomtida føresler Gilje at også cruiseskip burde utstyrast med lense.