Hopp til innhold

- Hordalendingar er dumme

– Dei går glipp av den stigande kursen min og forma eg er i no, ler Lars Sponheim.

Lars Sponheim
Foto: NRK

Lars Sponheim er ferdig på Stortinget, men han ser også positive sider i det som har skjedd.

– Vurderer strekt å søka

– Eg er eit menneske med godt humør og ser moglegheiter i dei fleste samanhengar. Oppbrot i livet er alltid krevjande, men det ligg alltid moglegheiter i oppbrot. No har det gått halvanna døgn sidan valet og eg er for lengst kome over i ein fase der eg har byrja å sortera på moglegheiter, seier Sponheim.

– Det har eg også gjort i dag, og eg har sagt til dei som har spurt meg, etter å ha måtta tenka gjennom det, at eg vurderer strekt å søka fylkesmannjobben i Hordaland som eg forstår blir ledig ein gong til vinteren, seier Lars Sponheim.

– Kvifor vil du det?

– Som landbruksøkonom er eg er formelt veldig kvalifisert, og har jobba med veldig mykje, både kommunar og landbruk og slikt som er knytt til fylkesmannen sin jobb. Det er ein utadvendt jobb og eg skal alltids klara å halda nokre talar, for å sei det litt forsiktig, seier Sponheim.

Vil reinska harddisken

Men han legg til at det også er andre ting han vurderer.

– Nå har eg tre månader med stortingsløn som eg kan bruka til å reinska harddisken, og tenka gjennom livets vidare gang, seier Sponheim.

– Vil parlamentarikaren Lars Sponheim bli ein god fylkesmann i Hordaland?

– Ja, det er eg heilt sikker på. Eg har mange erfaringer og nettverk eg kan trekka veksel på, og definitivt den fagkunnskapen som skal til, seier den avtroppande Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: Sponheim - kongens mann i Hordaland?

- Dumme hordalendingar

– Fokuserte du i valkampen for lite på å vera ein representant for Hordaland?

– Akkurat det å få dei 3-400 stemmene for å ha kome inn på Stortinget under sperregrensa aleine, var vel ikkje det som var det viktige for meg. Det viktige var dei 3900 stemmene som mangla for å få Venstre over sperregrensa og dermed på vippen for å spela ei avgjerande rolle i samfunnsutviklinga, seier Sponheim.

Han legg til at han eigentleg er litt skadefro.

– Fordi hordalendingar er så dumme og går glipp av den stigande kursen min, og forma eg er i no, ler Lars Sponheim.

- Eg blei ikkje trudd

Sponheim har sagt at han kan berre vera seg sjølv, og han er sikker på at det er eit enormt mykje kjedelegare Storting som no skal byrja.

– Eg håpar det er annleis, men eg kjenner jo til veldig mykje av det som skjer der og nivået på debattane har ikkje stige i løpet av åra eg har vore der. Det er grunnlag for å stilla spørsmålteikn ved om det er straumlinjeforma, seier Sponheim.

Kor gjekk det gale i årets valkamp?

– Eg blei ikkje trudd på at ei stemme til Venstre er ein garanti på at Framstegspartiet ikkje kjem i regjering. Eg burde gitt endå sikrare garantiar, men korleis eg skulle ha gjort det er eg usikker på.Eg er også usikker på om det var rett av meg å bidra til å reisa Erna Solberg som ein mogleg statsministerkandidat nokre få dagar før valet, då ho dagen etter slo kontra og ville til FrP igjen, seier Sponheim.

LES OGSÅ: - Helt for jævlig å ikke få avsluttet livsverket mitt