- Dette blir etterkvart ein ny katastrofe når det gjeld arbeidsplassar i fylket, fordi konsekvensen rett og slett blir rasering av arbeidsplassar i fleire delar av fylket, seier Norvall Nøringset.
Det er Høgre sitt forslag om sal av fylkeskommunen sine aksjar blant anna i Fjord 1 Fylkesbåtane og Sogn og Fjordane Energiverk, som har fått SV-politikaren til å samanlikne Høgre med Hydro
Til å le av
Nøringset fryktar at eventulle kjøparar, som BKK, vil slakte administrasjon og flytte stillingar ut av fylket.
Argumenta om at aksjesal vil gje pengar til skule og vegar i fylket er berre til å le av, meiner han.
Statleg oppgåve
- Dette blir som å pisse i buksa igjen. Aksjesal gir ein del inntekter, men kvifor skal vi bygge skular og vegar viss folk flyttar frå fylket, undrar Nøringset.
Han meiner at det er statleg offentleg oppgåve å syte for midlar til bygging av skular og vegar.