Både leiar i Flora Høgre Edith Aarebrot Madsen, leiar i partiet si fylkestingsgruppe, Mathias Råheim, og ordførar i Hornindal, Bjørn Lødemel, siglar opp som sterke utfordrarar til Sverre Hoddevik, etter at eit stort fleirtal av lokallaga i Høgre ikkje vil ha den sitjande stortingsrepresentanten på nominasjonslista til stortingsvalet.

Siv Aase Eggen har vore fylkesnestleiar i Høgre. (Foto: NRK)
- Ingen fare å byte ut
Tidlegare nestleiar i fylkespartiet Siv Aase Eggen ser ingen fare ved å byte Hoddevik ut med Aarebrot Madsen, Råheim eller Lødemel:
- Eg tykkjer dei er habile og gode kandidatar alle tre, seier Aase Eggen.
- Eg er jo jenter, og tenkjer at det hadde vore kjekt med ei jente på topp.
Aarebrot Madsen populær
Det er nettopp kvinna blant hovudutfordrarane, Edith Aarebrot Madsen, som har gått att på flest lister frå lokallaga. Siv Aase Eggen, som sjølv har vore aktiv høgrepolitikar i Florø, støttar bysbarnet som den nye stortingskandidaten til Høgre.
- Kjempegod kandidat, ei utruleg flink jente som ville gjort ein utruleg god innsats for Sogn og Fjordane. Så godt kjenner eg henne gjennom mange år, seier Siv Aase Eggen.
Ho medgjer at det er tøft for partiet med valkampar og personstridar.
- Men det er eit luksusproblem så lenge vi har fleire gode kandidatar å velje mellom, seier Aase Eggen.