Hopp til innhold

- Hjortejakta er blitt risikosport

Mengder av flått gjer hjortejakta til ein risikosport i store delar av fylket.

Hjortejakt

Illustrasjon

Foto: NRK

I kystkommunane og innover i fjordane har svært mange jegerar fått mange flåttbitt.

LES OGSÅ: Unngå borrelia

- Sonen min var med på eit jag førre helg, og måtte plukke av seg over 30 flåttar då han kom heim på ettermiddagen, fortel hjortejeger og grunneigar Isak Berle frå Bremanger.

- Enormt med flått

Mange stader aular det av desse små, svarte krypande dyra som bit seg fast for å suge blod. Og faren for boreliasmitte aukar med talet på bitt dersom ikkje flåtten raskt vert fjerna. Det er særleg i midtre og ytre strok av fylket at flåtten er blitt ei pest og ei plage for både folk og dyr.

- I år har det vore veldig mykje flått i marka. Det er mykje på dyra og dersom ein jagar gjennom skogsområde, så er det enormt med flått på dei som jagar, fortel Berle.

Legg dempar på jakta

Jegeren frå Bremanger tykkjer at flåtten er i ferd med å leggje ein dempar på hjortejakta.

- Etterkvart så gjer den det. Det er mykje sjukdom som følgjer med om du er uheldige. Med så mykje flått så aukar samstundes også faren for eit angrep. Det har berre eksplodert i bygda vår, seier han.

- Blodig alvor

Roar Førde er røynd hjortejeger lenger inne i fjorden og jaktlaget på Isane har aldri før opplevd slike mengder med flått.

- Før var det slik at du fekk på deg ein flått, no er det titals når du skal ha i deg nista. Det kryper på hender og der det er berr hud bit han seg fast. Når du er komen i senga kjenner du at du har fått deg eit bitt. Det er blodig alvor, seier han.

Flått

Flått

Foto: E. R. Deddinger / Scanpix