Hopp til innhold

- Historisk løftebrot av Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete får krass kritikk frå politikarar i heimfylket og blir skulda for løftebrot når det gjeld vegløyvingar.

Liv-Signe Navarsete, samferdselsminister
Foto: Arvid Torsgard / Scanpix

Statsråden sa til Dagbladet i går at Regjeringa ikkje kan ta eitt stort løft for vegnettet i statsbudsjettet for neste år.

- Eit historisk løftebrot, seier stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Åge Starheim.

- Hån mot brukarane

Starheim er kraftig provosert over samferdsleministeren. Berre i Sogn og Fjordane trengst det 700 millionar kroner for å få reparert nedslitne vegar.

- Dette må vere det største brotet på vallovnader som denne regjeringa har gjort. Det er ein hån mot brukarar av vegar som er så dårlege at dei er i ferd med å gå i oppløysing.

- Svik mot veljarane 

Olden-Innvik
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Varaordførar i Stryn, Johanna Nygjerd (KrF) har i mange år kjempa for full opprusting av riksvegen mellom Olden og Innvik. Etter 25 år med utbetringsarbeid står framleis ni smale, svingete kilometer att, der 2000 bilar og trailarar køyrer kvart døgn.

- Eg synest det er eit svik mot veljarane. No er situasjonen så fortvila at vi ber om lysregulering. Det er så  dårleg reklame for Noreg. Ingen forstår kvifor ikkje noko kan gjerast. Det er rett og slett ei skam.

- Feil attgitt i Dagbladet

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner Dagbladet har attgitt ho feil. I avisa vart ho utfordra på å bruke 700 milliardar kroner på eitt historisk løft for samferdsla. Men det seier statsråden vil vere uforsvarleg.

- Lovnaden står fast

I Soria Moria-erklæringa har Regjeringa lova 2,2 milliardar kroner ekstra til veg i året. Statsråden vil ikkje garantere at det kjem ei så stor påplussing i statsbudsjettet for neste år, men ho seier at lovnaden står fast.

- Vil innfri Soria Moria

- Det eg kan seie er at det kjem meir pengar til samferdsle neste år. Både til Johanna Nygjerd og Åge Starheim kan eg garantere at det kjem meir auke i det budsjettet enn dei kunne drøyme om med den forrige regjeringa. Mitt mål er sjølsagt å innfri Soria Moria-erklæringa, og det er eit skikkeleg samferdsleløft.