Hopp til innhold

- Historisk dag for skipstunnelen

Dette er ein historisk dag. Det seier Fylkesordførar Nils R. Sandal om at Stad skipstunnel for første gang er lagt inn i nasjonal transportplan, NTP.

Nils R. Sandal

Ifølgje planen skal tunnelen få ei startløyving på 200 millionar kroner i slutten av 10-årsperioden.

Konkret

Fylkesordføraren set stor pris på at tunnelen endeleg er på transportplanen.

- Vi har venta lenge på at det skulle kome noko konkret i forhold til Stad skipstunnel. Og det er historisk det som har skjedd no, at vi har fått ein konkret formulering i tillegg til at det er sett av pengar.

- Vi har følt at det har vore ei positiv utvikling. Fleire og fleire blir no interessert i at dette skal gjerast, og det som kystverket sa for ikkje så lenge sidan er også viktig. Så no er dette ei god kveik til alle oss som jobbar med dette, at vi skal jobbe aktivt vidare med dette viktige prosjektet.

Håpar på framskunding

- Vil ikkje dette framleis ta fryktelig lang tid, sidan pengane er satt av i siste del av perioden, og vi nærmar oss 2020 ?

- Det kan ein sei viss dette blir heilt i slutten av perioden. Men dette signalet som no er kome frå Regjeringa, tilseier at vi skal jobbe veldig aktivt for at vi kanskje skal få dette framskunda noko. Men dette er viktige signal i det arbeidet vi driv.

Kva meiner du om NTP?