Hopp til innhold

- Her er helvete

Terje Forsberg fekk eit tøft gjensyn med kommunen som stempla han som evneveik.

Terje Forsberg har gjeve ut bok om sin vanskelege oppvekst i Lærdal.
Foto: NRK

Høyr Forsberg vende attende til Lærdal

- Hittil føler eg berre det er kvalmt, seier Forsberg når han kjem attende til skulen og staden der han vaks opp i Lærdal kommune.

Stempla som evneveik

Denne veka kjem Forsberg med sjølvbiografien om dei tyngste barndomsåra. I dag står ein garasje på tomta der eit 15 kvadratmeter lite kott husa den vesle familien. Forsberg hadde eit dårleg utgangspunkt allereie før han kom til Vestlandet. Faren var alkoholikar og reiste frå ein jobb til ein annan, medan familien levde under fattigdomsgrensa. Med nordlandsdialekt snakka Forsberg annleis enn medelevane. Han forstod ikkje sognamålet, og vart mobba og trakasert. I timane klarte han ikkje å henge med. Ti år gamal vart han erklært evneveik.

- Det var heilt kaotisk, seier han og går med faste steg inn i det okergule skulebygget på Lærdalsøyri.

- Her er helvete

- Her var klasserommet mitt. Her er helvete. Slike tøffe ord brukar eg ikkje, men her er det, seier han med skjelvande stemme og går vidare mot trappa der han så mange gonger vart sittande å gråte.

- Her i trappa har eg site mange gonger og grått utan tårer, rista og skjelve og sett ut her. Då vart døra smelt att og så høyrde eg at dei inne heldt fram undervisninga. Dei lo litt og hadde det ganske greitt med si undervisning. Her skulle eg sitte til læraren kom og henta meg inn att. I ettertid skjønar eg at eg var heilt på grensa til nervesamanbrot, seier han og ikkje orkar å vere der lenger.

Boka "Aldri for sent å bli et lykkelig barn".
Foto: NRK

Manglar unnskyldning

Ti-åringen som ein gong sat i trappa, har kjempa seg gjennom dystre spådomar. I vaksen alder har han teke artium, starta eige firma og arbeidd som vikar på ungdomsskulen. I dag held han føredrag om mobbing og vil til bygdefolket i Lærdal fortelje om sin vanskelege oppvekst, og om stempelet som prega han resten av livet.

Temaet er også omtala i boka. Men kapittelet manglar ei unnskyldning frå kommunen, meiner Forsberg.

- Feil av oss

For då han kjempa for erstatning, skreiv Lærdal kommune i eit brev at Forsberg hadde fått den undervisninga han hadde krav på. Rådmann Lasse Sælthun hadde skrive eit heilt anna brev i dag.

- Hadde eg visst det eg veit no, så hadde det brevet fått ei heilt anna utforming. Då hadde brevet gått kort på saka og ikkje noko på hans forhold og lærarane då han var her. Det var ein liten feil av oss å skrive noko om, vedgår han.