- Helse Førde bryt med Soria Moria

Generalsekretæren i Senterpartiet godtek ikkje Helse Førde sitt sjukehusframlegg.

Knut M. Olsen

Fersk generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen

Foto: NRK

- Etter mi meining er dette framlegget ikkje i tråd med Soria Moria 2, som seier at ein ikkje skal leggja ned lokalsjukehus, samt ha nærleik til føde og akuttilbod, seier fersk generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen.

Positiv helseminister

Forslaget frå eit økonomisk hardt pressa Helse Førde-styret vart lagt fram fredag - foran helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen, som mange oppfatta som positiv til forslaget.

- Her er det på ein måte eit forsøk på å få den type hjelp du treng nær der du bur. Anten heime, på eit distrikts- eller lokalmedisinsk senter, eller på spesialistsjukehuset, seier Strøm Eriksen.

Navarsete skeptisk

Like positiv er ikkje Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Frå talarstolen på årsmøtet til Sogn og Fjordane Senterparti sa ho at ingen akuttfunskjonar eller fødeavdelingar skal leggast ned.

Ho vil ikkje kalle Helse Førde forslaget brot på SoriaMoria2 - men vedgår at generalsekretæren har eit poeng.

- Ja, eg trur Olsen har eit poeng, seier Navarsete.

- Kan dette føra til problem for regjeringa viss det viser seg at Strøm Eriksen er positiv til dette?

- Eg har berre hennar ord. Og det Strøm Eriksen sa til meg, var at ho hadde gjeve uttrykk for at ho hadde stor respekt for arbeidet som var lagd ned, utan å ha teke stilling til saka.