Hopp til innhold

- Helse Førde bryt lova

Ei rekkje tillitsvalde i Helse Førde meiner dei ikkje har fått informasjon eller innsyn i dei nye budsjettkutta før dei var ferdighandsama av administrasjonen.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Inger Johanne Sætenes, føretakstillitsvald for Delta i Helse Førde, meiner dette ikkje held mål.

- Slik vi ser dei har dei brote både lova, tariffavtalen og sitt eige omstillingsdokument. Eg tykkjer det er ganske arrogant.

Sei di meining om ambulansekutta her

- For dårleg tid

Tillitsvalde i Helse Førde meiner dei ikkje har fått vore delaktige i arbeidet med det reviderte budsjettet Helse Førde la fram måndag.

Sætenes meiner at dei har fått for liten tid til budsjettkutta skal avgjerast.

- Det skal skje veldig fort, og då er vi ei forseinking viss dei skal ha oss med i prosessane. Når vi ser på kutta i ambulansen, så er det ganske alvorleg. Vi er partar på like linje som arbeidsgivar, og dei kan ikkje setje igang slike kutt utan at vi er med.

- Ein krevjande situasjon

Men administrerande direktør Jon Bolstad meiner dette ikkje stemmer.

- Det er mange møte også med dei tillitsvalde gjennom prosessen i dei enkelte avdelingane og klinikkane. Det har også vore informasjonsmøte med dei føretakstillitsvalde og dei er orienterte om at vi er i ein krevjande situasjon når det gjeld tidslinka fram mot styremøtet. Men vi kan erkjenne at dette ikkje er ein ideell situasjon.

Fleire møte

Fredag skal styre i Helse Førde gå gjennom kuttforslaga i budsjettet. Førd den tid skal Bolstad ha møte med fleire tillitsvalde som då kan kome med innspel..

- Vi skal ha drøftingar med dei tillitsvalde før fredagen, så dei kan komme med synspunkt. Vedtaket skal fattast i styremøtet, og kjem det fram vektige og nye ting det ikkje er teke omsyn til i dei prosessane som har vore, så kan eg endre innstillinga eller vedtaka.