Johannessen skulle hatt sin første arbeidsdag i dag, men reiser no heim. Det herskar nemleg full forvirring om fødetilbodet i Indre Sogn etter at Helse Førde bestemte seg for å oppretthalde fødeavdelinga ved sjukehuset inntil vidare.
Foto: Arne Eithun
Innlånte jordmødre må reise
Johannesen vart innlånt frå Kvinneklinikken på Haukeland for å leie den nye forsterka fødestova, men reiser no attende til Bergen. Ho har ingen jobb, fordi fødeavdelinga i Lærdal blir drive vidare som før inntil vidare. Fødeavdelinga skulle blitt omgjort til fødestove i dag, men Helse Førde har no valt å oppretthalde fødetilbodet uendra inntil helseministeren har fatta eit endeleg vedtak.
Veljer Voss
Dei fødande i Indre Sogn er offer for vinglinga til Helse Førde, seier Bente Øien Hauge i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus. Ei som skulle føde i romjula valte Voss, på grunn av usikkerheita som er, seier ho.
Mangla kirurgar
Det var venta at statsråd Dagfinn Høybråten skulle bestemme seg allereie i løpet av november. Men Helse Førde slit med å få på plass kirurgar som vil utføre naudkeisarsnitt. Høybråten vil difor ikkje gi klarsignal til ei forsterka fødestove før denne beredskapen er på plass. Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, ber no dei fødande i Indre Sogn om orsaking for den forvirringa som er skapt.
Helsedepartementet lovar ei endeleg avklaring av fødetilbodet i Indre Sogn i løpet av kort tid.