
Miljøvernminister Knut Arild Hareide. Arkivfoto NRK
Det seier stortingsrepresentant Per Steinar Osmundnes frå KrF etter eit møte med ministeren.
Omstridd sak
Steinbrotet, som etter planen skal eksportere stein til utlandet, er eit omstridd prosjekt. Men Osmundnes tolkar ministeren som svært positiv.
- Hareide kan saka godt
- Hareide lova snarleg svar, han kunne saka godt, han hadde stor forståing for våre argument, og han kom ikkje med motargument. Det er første gongen eg har opplevd statsråden så positiv i denne saka, seier Osmundnes.