Hopp til innhold

- Har mista tilliten til politiet

Tidlegare ordførar i Sund reagerer sterkt på politiet si handtering av Monika-saka. – Lokalsamfunnet klarte aldri å slå oss til ro med henlegginga.

Åtte år gammel jente funnet død

FUNNEN DØD: Åtte år gamle Monika Sligvinskaja vart funnen død i heimen sin på Steinsland i Sund, utanfor Bergen, i 2011. No er ein 32 år gamal mann arrestert og sikta for forsettleg drap.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

Ove trellevik

KRITISK: Tidlegare ordførar Ove Trellevik i Sund kommune slo seg aldri til ro med at politiet la vekk saka.

Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no

– Alle dei uoppklåra spørsmåla i saka har bygda kjent til. Det har vore ei krevjande sak for lokalsamfunnet å akseptera, seier Ove Trellevik til NRK.

Han var ordførar i Sund kommune, då åtte år gamle Monika Sligvinskaja vart funnen død i heimen sin på Steinsland på Sotra utanfor Bergen, november 2011.

Funnet av jenta skaka lokalsamfunnet, men svara dei leitte etter fekk dei aldri. Etter ni månadar la politiet vekk saka og konkluderte med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart.

I juni 2014 gjekk åtteåringens mor til anmeldelse av politiet. Dei har også fått kraftig kritikk for etterforskinga av tidlegare Kripos-topp Asbjørn Hansen.

– Har mista tilliten

Monika Sviglinskaja

Monika Sviglinskaja (8)

Foto: Privat

I september kunne Bergens Tidende fortelje at ein etterforskar i politiet frykta Monika (8) var blitt drepen etter å ha kikka på dokumenta i saka. I februar 2014 bad han om at saka måtte bli takast opp igjen, men fekk beskjed om å la saka ligge.

Det var fleire ting i etterforskinga som politibetjenten reagerte på.

– Jenta vart funne med skader men politiet meinte dei var sjølvpåført. Dette trass i at vindauga i inngangsdøra var knust, det var spor etter kamp i huset og fleire verdigjenstandar var tekne bort, seier leiar for NRK sin krimredaksjon, Olav Rønneberg.

Trellevik er ikkje nådig i sin kritikk av politiet si handtering av saka.

– Dersom det er tilfelle det eg les i avisene, at politibetjentar vert bedne om halde seg vekke frå saka og dokument vert haldne vekke, så slit eg veldig med tilliten til politiet. Eg håpar dei no kjem til botns i saka, seier Trellevik til NRK.

Felt etter DNA-spor

Den 32 år gamle mannen som no er arrestert og sikta for forsettleg drap, nektar straffskuld. Det opplyste politiadvokat Asbjørn Onarheim på ein pressekonferanse klokka 16.00.

Mannen frå Litauen vart pågripen på arbeidsplassen sin i Bergen måndag. Han er tidlegare sambuar av åtteåringens mor. Han var først involvert i Monika-saka då han vart kalla inn som vitne under etterforskinga i 2011.

Det er tekniske spor som knyter 32-åringen til åstaden, etter at politiet seier dei har gjort nye og forbetra analysar.