Hopp til innhold

Trur færre kjem til å bu på bygda og gardsbruka

– Å fjerne buplikta vil vere gunstig for dei med pengar. Senterpartiet er oppgitt over forslaget som er sendt ut på høyring. Partiet trur ikkje det vil føre til fleire folk på bygda.

Liv Signe Navarsete

IKKJE OVERRASKA: Tidlegare partileiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, er ikkje overraska over at regjeringa vil fjerne buplikta. - Ferre vil bu på bygda med ei slik ordning, trur Navarsete.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Dette trur eg vil føre til at endå færre vil bu fast på bygda. Og det er synd. Det er for få som bur på gardsbruka. Men dette er ikkje måten å få fleire til å bu på byda, seier ei oppgitt Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet og tidlegare partileiar.

Regjeringa føreslår å oppheve buplikta utan å erstatte dei av andre reglar. Oppheving av konsesjonslova inneber også at reglane om buplikt i odelslova også vert føreslege oppheva, då reglane må sjåast i samanheng.

– Dette er ikkje overraskande. Vi veit jo kva Høgre og Frp står for. Dei vil legge til rette for at dei med pengar skal få kunne kjøpe seg opp og at dei som vil ut av næringa skal få mest mogeleg for det.

Vil ha levande bygder

Opphevinga er eit varsel om ei omvelting i norsk landbrukspolitikk. Buplikta har, saman med konsesjonsplikta, vore ein av grunnpilarane for å sikre busetting i distrikta.

– Ein kan ha sympati for at regjeringa vil at dei som sel seg ut av næringa skal få mest mogeleg. Men vi treng ikkje så lenger enn til Sverige og bygdene der for å sjå korleis bygdene utviklar seg utan eit regelverk som har vore med å sikre Norge ei heilt anna utvikling enn våre naboland, seier Navarsete.

Buplikta, slik ho er i dag, seier at nokre landbrukseigedommar må ein faktisk bu på, for å kunne eige.

Dette er for å unngå at eigedommane vert kjøpte av folk som berre vil bruke dei som feriebustadar, slik at dei står tomme resten av året. Men den plikta kan det no verte ein brå slutt på.

Forslaget om å oppheve buplikta var tema i spørjetimen på Stortinget i dag:

Frank Willy Djuvik

JUBLAR: Frp-fylkesleiar Frank Willy Djuvik er fornøgd med at regjeringa vil fjerne buplikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bakgrunnen for forslaget er at det i regjeringserklæringa står klart at ein ønskjer å sjå på dette regelverket.

Navarsete viser til at landbruket i Danmark er forgjelda, det vil seie dei bruka som er i bruk. Dei andre er fritidsbruk der folk ikkje bur. I Sverige er mange bruk fråflytta, og dei bruka som er att er veldig store.

– Men det som alltid har kjenneteikna Norge er levande bygder og lovverket som ein no vil fjerne har gjort dette mogeleg, seier Navarsete.

Glad for endringa

Småbrukar Rune Lee i Framfjorden i Sogn er glad for at regjeringa kjem med forslaget om å fjerne buplikta.

– Då får ein fri prisdanning på eigedommar også i bygdene slik dei har i byane. I Oslo er det ingen som tenkjer på at formannskapet skal fastsette låge prisar på bustadeigedommar sjølv om det er litt jord til eigedommen. Men i bygdene der blir småbruk med litt jord rundt sett låge prisar på.

Han viser til at det er fleire frå Voss som har skaffa seg hus i Arnafjorden som fritidshus og at det fører til at dei er der i feriar og skaffar positive ringverknadar for handelen i bygda.

– Eg synest ei slik endring vil vere positiv viss vi kan få ei meir naturleg prisdanning også på bygdene.

– Det merkar stadig fleire at slike bruk ikkje er drivverdige som sjølvstendige bruk og då har heller ikkje dei som eig husa mogelegheit til å få ein rimeleg pris for bustadane sine. I tillegg har vi eigedomsskatt.

Forstår ikkje Djuvik

Men Liv Signe Navarsete forstår ikkje argumentasjonen til Frp og Frank Willy Djuvik som trur at ei fjerning av buplikta vil gje betre utvikling og meir busetnad i grisgrendte strøk.

– Eigedomsmeklarar seier prisane vil stige på dei attraktive eigedommane. Det vil seie dei som ligg nær tettstadar der dei kan bu på eit bruk og pendle til sentrum der dei jobbar. Eller bruk som har attraktive utmarksressursar som jakt- og fiskerettar.

– Så dei som vil inn i næringa trur eg vil få det mykje vanskelegare trur eg. Eg meier at det mest framtidsretta for oss som ønskjer oss liv og røre på bygda ønskjer at dei som vil kjøpe skal få gjere det til ei fornuftig pris uansett kor bruket er plassert.

– Dette er ei ordning for å dei med pengar, og står i stil med det Frp og Høgre vil – ei liberalisering. Men det vil ikkje gje fleire gardar med folk, seier Navarsete.