Men Momyr meiner problemet ligg i for dårleg marknadsføring, og han avviser kritikken. - Gjennom alle år har det vore produsert meir økologiske produkt enn det som er omsatt, så det er omsettingsleddet det er viktig å fokusere på, seier han.
Han avviser dermed kritikken om at det blir løyvd for lite pengar direkte til produksjon. Økobonde i Jølster, Nils Einar Kjøsnes, seier han vurderer å slutte fordi det ikkje er liv laga. - Vi tapar pengar på det, og då må vi vurdere drifta, seier han.
Michael Momyr
Halvparten seld som ikkje-økologisk
I dag blir berre fire prosent av totalen produsert som økologiske varer og halvparten av dette blir seld som vanlege produkt. Årsaka er at folk ikkje spør etter økologiske produkt, og det er dette som må gjerast noko med, seier Momyr. - Det er ikkje noko poeng å nå produksjonsmålet på 10 prosent viss vi ikkje får omsett varene, seier han.
- For liten produksjonz
Politisk talsmann i SV, Odd Roger Enoksen, støttar derimot kritikarane. Han seier at dei økologiske produkta vert selde som vanlege produkt fordi produksjonen er så liten at det ikkje lønner seg for samvirket å foredle og selje dette som økologiske produkt.