Hopp til innhold

- Gjer Sande til ablegøyemakar

Den nye biografien om Jakob Sande, som kjem i dag, tek eit kraftig oppgjer med Jon Eikemo si populære teaterframsyning om forfattaren.

Jon Eikemo
Foto: NRK

Biograf Ove Eide meiner at Eikemo framstiller Sande som ein ablegøyemakar, noko som har vore med på å skubbe store deler av forfattarskapen hans ut i mørkret.

 

  - Einsidig bilete

Nordmenn har gått mann av huse for å sjå og høyre Jon Eikemo lese diktet "Etter ein rangel" av Jakob Sande. Men no får Eikemo si suksessframsyning om den folkekjære diktaren kritikk for å ha skapt eit einsidig bilete av Sande - som ein moromann.  

Ove Eide
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Veldig skuffa

Ove Eide, som har skrive den nye biografien om Jakob Sande, meiner Eikemo har fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting. Biografen såg framsyninga seinast i vår.

 - Då vart eg veldig skuffa, for det var ikkje noko fornying av det programmet han hadde på 90-talet. No kan det hende at han har fornya seg i det som skal vere på Det norske teateret i haust, men dersom han ikkje har gjort det så er det eit stort vonbrot, for det er så mange spennande innfallsvinklar til Jakob Sande etter kvart og som eg håpar Jon Eikemo tek høgde for.

Jakob Sande
Foto: NTB/Scanpix

- Kritikken er meiningslaus

Sjefen ved Det norske teatret, Vidar Sandem, har skrive manuskriptet til Sande-framsyninga.  Han avviser kritikken og meiner framsyninga fangar heile breidda i Sande si dikting.

- Eg synest kritikken er heilt meiningslaus. Det som vart kommentert den gongen framsyninga kom, både av kritikarar og andre, han fekk trass alt Kritikarprisen for det han gjorde, var at Jon Eikemo og denne framsyninga tok Jakob Sande på  alvor.

Når  det einaste nasjonale nynorskteateret i Noreg set stykket opp på ny i haust, er dei einaste endringane at 15 minutt med innslag er kutta. Teatersjef Sandem avviser at han prøver å mjølke ein suksess.

- Kjøss meg bak!

Jon Eikemo sjølv svarar slik på kritikken frå Ove Eide:

- Det er forskaren altså som skal finne ut korleis ein skal lese dei dikta Jakob Sande har skrive? Kjøss meg bak!