Hopp til innhold

- Garanterer norsk pinnekjøt til jul

FØRDE (NRK): 70 tonn pinnekjøt blir kvar veke laga klart på slakteriet i Førde. Det som vil glede mange, skapar likevel også utfordringar.

Fabrikksjef Eivind Fonn og dei andre tilsette ved Nortura i Førde er inne i ein særs hektisk periode

PINNEKJØT: Etter nokre år med mangel på norske pinnekjøt i butikkane, lovar fabrikksjef Eivind Fonn ved Nortura i Førde at det blir nok norsk sauekjøt i butikkane i år.

Foto: Stein Jarle Aase

– Sesongen er veldig god, men også litt annleis enn vi er vande med. Slaktinga har starta litt tidlegare, og det er vi glade for. Bøndene vart oppmoda om å levere lam tidlegare, og det har fungert, seier fabrikksjef på Nortura i Førde, Eivind Fonn.

September og oktober er dei mest hektiske månadane på fabrikken, som er den største leverandøren av pinnekjøt i landet. Talet på tilsette blir meir enn dobla for å ta unna produksjonen. Til vanleg er dei 120 tilsette, medan i høgsesongen er det nær 270 tilsette frå heile verda innom dørene.

– Det er ingen skjereavdelingar i eller utanfor Nortura som skjer så mykje lam som vi. Vi tek 2500 til 3000 lam for dagen. Det blir 70 tonn pinnekjøt i veka og opp mot 60 tonn fårikål, fortel fabrikksjefen.

Per Ravndal er sauebonde i Sunnfjord.

FINT LIV: Sauebonde Per Ravndal likar å vere sauebonde. – Det er krevjande og utfordrande. Vi får betalt litt etter kva vi legg ned av arbeid.

Foto: Stein Jarle Aase

Bøndene får lågare inntekt

Han garanterer norsk saueribbe til alle som vil ha, for produksjonen i lokala i Førde er den største på ti år. Men frysediskane som blir fylt opp frå eit nær uendeleg lager av sauekjøt tyder også på at det blir produsert for mykje.

– I 2013 var det ein kraftig underskotssituasjon, så det vart stimulert frå Nortura og styresmaktene for å få opp produksjonen. No har vi ein del for mykje, og det er krevjande.

Det merkar også sauebonde Per Ravndal. Han er begeistra for livsstilen som sauebonde, der arbeidsintensive periodar blir avløyst av rolegare tider. Men krevjande er det.

– Det er ikkje kjekt, men for min del kan eg ikkje tenkje så mykje på det. Eg kan ikkje skru produksjonen av og på. Driftsapparatet mitt er tilpassa det eg har, så eg må gjere så godt eg kan, seier Ravndal.

Ragnhild Sæle

INNSATS: – Vi må sette alle klutar til slik at kundane ser kor godt produkt sau og lam er, seier fylkesleiar i Norsk Sau og Geit, Ragnhild Sæle.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ber forbrukarane kjøpe meir sauekjøt

Nokre grep er allereie tekne for å få utvida sesongen, og Nortura har merka seg eit meirsal på 700 tonn.

– Dyra har kome ned litt tidlegare, og er levert kjappare. Det har hjelpt på, seier Ragnhild Sæle som er fylkesleiar i Norsk Sau og Geit.

Ho meiner det er eit paradoks at det er overproduksjon samstundes som bøndene er blitt oppmoda om å satse på sau og ha mange dyr.

– Vi har ikkje signal om at folk vil gje seg, men det er nok dei som no sit på gjerdet og ventar, og ikkje satsar slik dei hadde tenkt.

Oppmodinga frå både ho og sauebonden er klar.

– Kanskje kunne vi lært oss å ete sau på andre måtar enn berre fårikål og pinnekjøt, som dei gjer i andre land, spør Ravndal.