Hopp til innhold

- Galskap å leggje ned

Alkoholikar hadde ikkje greidd å bli rusfri utan behandling på Tronvik.

Tronvik

Tronvik er nedleggingstrua. Galskap meiner tørrlagt alkoholikar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Prosjektgruppa som har vurdert Tronvik, rår styret i Helse Førde til å legge ned Tronvik og sentralisere tilbodet til Førde.

27. november skal styret i Helse Førde fatte vedtak om den tradisjonsrike institusjonen på Kyrkjebø i Høyanger skal oppretthaldast.

- Veit ikkje kva dei snakkar om

- Eg vil bruke ordet galskap, for dei burde tenke seg om. Eg trur ikkje det er nokon i styret som har særleg erfaring med dei som verkeleg har rusproblem, meiner tidlegare rusavhengig Asbjørn Jagedal.

Jagedal slutta å drikke for 20 år sidan. Etter det tredje opphaldet på institusjon vart han rusfri.

Utan hjelp med tett oppfølging etterpå, hadde han ikkje klart det. Når han høyrer om debatten kring ei nedlegging av Tronvik, vert han oppskaka.

Helse Vest vil ikkje satse på Tronvik

I 2003 fatta styret i Helse Førde vedtak om ei nedbygging av Tronvik. Samstundes vart det vurdert å etablere ny verksemd innanfor behandling av ruslidingar knytt til Tronvik, men då i samarbeid med Helse Vest.

Men i april i år sa Helse Vest at dei ikkje ville satse på Tronvik. Ei prosjektgruppe som har vurdert om Tronvik bør leggast ned eller ikkje, har konkludert med at sentralisering av tilbodet innan psykiatri og rus er det beste. Og at Tronvik vert ståande tomt.

Nærleik til naturen

Jagedal reagerar svært negativt på dette. Han meiner at om Tronvik vert lagt ned, er det ikkje sikkert at så mange som no søkjer hjelp.

- Tronvik ligg på ein sånn plass at du finn roen, og du startar å tenke litt fornuftig. For dei som vil det då. Men for dei som ikkje vil kome seg ut av det, er det ikkje viktig kvar dei er, fortel Jagedal.

Mange av dei som har vore innlagde på Tronvik meiner det er viktig at institusjonen ligg der den ligg. Nærleiken til naturen og avstanden til det freistande utelivet på større stader er avgjerande for om dei klarer å takle avrusinga og ta imot behandling.

Held fast på tilrådinga

Leiar av prosjektgruppa som har vurdert om Tronvik skal rustast opp eller leggast ned, Trond Aarre held fast på tilrådinga om å legge ned institusjonen.

- All erfaring tilseier at dei distriktspsykiatriske tenestene må samlast under eitt tak viss du skal få full effekt av dei. Dette må no også gjerast gjeldande for Sunnfjord og Ytre Sogn. Samlar vi alle på sentralsjukehusområdet i Førde, viser våre utrekningar årlege innsparingar på om lag 15-17 millionar kroner, seier Aarre.