-Det er klart uheldig om saka skal få drive i kanskje halvannan månad til i ulike fylkeskommunale organ. Kva som blir resultatet av den nye runda ser ut til å vere uklart, skriv styret i Botnaneset Industriselskap i ei pressemelding som er sendt ut i føremiddag.
Styret er altså lei av å vente på den fylkeskommunale kverna. Det skjer etter at fylkesutvalet på siste møte, sende lobbyistsaka tilbake til hovudutval for regional utvikling. No ber dei fylkesrådmannen om å trekkje heile saka, som gjeld ei løyving på 400.000 kroner til Sandal sin lobbyistjobb. Den tidlegare stortingsrepresentanten er tilsett i eit engasjement frå 7. september i år til 1. september neste år.
-Vil på offensiven
-Målet med å opprette engasjementstillinga var å komme på offensiven i arbeidet med å fremme interessene til fylket innanfor petroleumssektoren, skriv dei sju styremedlemene i Botnaneset Industriselskap.
Mellom desse sju er Høyanger-ordførar Kjartan Longva og fylkesvaraordførar Mathias Råheim, som begge representerer fylkeskommunen. Vidare sit noverande Flora-ordførar Kolbjørn Dyrli, ex-ordførar Odd Husebø, NHO-direktør Per Ytrehus, og Per Nødseth og Oddgeir Igland frå Fjordbase A/S, i styret.
Fylkesordføraren visste om det
I pressemeldinga avviser dei sju at avtalen med Reidar Sandal har blitt prøvd halden hemmeleg. Mellom anna blir det peika på at fylkesordførar Nils R. Sandal vart informert om at Reidar Sandal var positivt til å gå inn i engasjementet, under eit møte den 4. juli i år.
På det same møte var det semje om at Botnaneset Industriselskap A/S, Saga Fjordbase A/S og Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle betale dei 750.000 kronene som lobbyistprosjektet ville koste. No blir altså fylkeskommunen beden om å hoppe av. I staden får dei følgjande tilbod, gjennom pressemeldinga: - Om fylkeskommunen ønskjer å kjøpe spesifikke oljerelaterte tenester av BIS, skjer det gjennom avtalar med dagleg leiar/styret i selskapet.
-Har skada Sandal
Saka om lobbyistengasjementet har vore ei heit politisk sak. Arbeidarpartimannen Kjartan Longva har skulda indresogningane i partiet for å bruke den mot Reidar Sandal sitt kanditatur som komande stortingsrepresentant for partiet. Partifelle Kolbjørn Dyrli har følt at han og Longva er blitt skulda for kameraderi, når dei har engasjert partifellen i ein slik lobbyistjobb. Og senterpartimannen Reidar Felde har karakterisert det som har skjedd som "ureint trav". No ønskjer i alle fall Longva og Dyrli at den nye vendinga på saka skal skape ro i rekkjene.