Hopp til innhold

- Framtida kan bli øydelagd

- Framtida til Redningsselskapet blir øydelagd dersom det ikkje blir ro i selskapet. Det meiner redaktør i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø.

Redningsselskapets minste redningsskøyte
Foto: Hege Bakken Rise / NRK

Han har fylgt Redningsselskapet i mange år, men har aldri sett noko liknande i norsk organisasjonsliv.

- Steller seg dumt

- Det er sjelden vi ser organisasjonar stelle seg så dumt som Redningsselskapet no er i ferd med å gjere.

Og grunnen er at valkomiteen no føreslår at Gunnar Knutsen blir valt til ny president i selskapet. Dette er den same mannen som i fjor måtte gå frå stillinga si i landsstyret på grunn av alt bråket i selskapet.

Lars Hellandsjø (til h.)
Foto: Ernst Larsen / Scanpix

Vraking utan forklaring

Valkomiteen har ikkje noko god forklaring på kvifor dei ikkje lenger vil ha Lars Hellandsjø frå Gulen som president.

Men Magne Lerø meiner forklaringa er at maktpersonane i Redningsselskapet er meir opptekne av eigne posisjonar enn å tenkje på selskapet sitt ve og vel.

- Egosentrisk organisasjon

- Det er eit fenomen i organisasjonslære som heiter egosentriske organisasjonar. Det betyr at organisasjonane blir opptekne av seg sjølve, dei tillitsvalde blir opptekne av eigne behov, og fokuset er på dei såra som er skapte, på dei problema dei er oppe i og dei rykta som går. Då misser folk fokuset, og dei misser evna til å sjå seg sjølv slik omverda ser dei. Redningsselskapet er blitt ein slik egosentrisk organisasjon, dei slit med å kome ut av det og få fokus på det som er grunnen til at dei eksisterer, nemleg at dei skal vere til for sjøfolk og andre som treng hjelp.

- Kva trur du blir utfallet av landsmøtet?

- Eg må vere optimist på vegner av Redningsselskapet og tru at Lars Hellandsjø blir attvald og at Gunnar Knutsen innser at han må trekkje seg.

Og landsmøtet i Redningsselskapet som skal velje ny president startar i Bodø i dag.