- Forsterkar negativt omdømme

- Dei dyre flyreisene for ein lege i Helse Førde er eit teikn på at leiinga i Helse Førde ikkje har teke på alvor kritikken mot direktør Jon Bolstad sine kostbare og omstridde møbelkjøp i vinter. 

Alfred Bjørlo
Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Det seier rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Burston & Marsteller, Alfred Bjørlo.

- Det ser ut som om Helse Førde ikkje har forstått alvoret etter saka med møbelkjøpet. Det burde ringt nokre varsellamper, for det tek tid å byggje opp tillit. Helse Førde treng ei indre forståing om kva som må til for å byggje opp tillit blant folk i fylket, seier Bjørlo.

170.000 for fire turar 

Legen som har fått reise på første klasse var tidlegare tilsett i Helse Førde. Han bur no i USA og knytta til forskings- og utviklingsavdelinga i Førde som spesialist.

Dei fire reisene er gjort mellom New York og Førde og New York og Istanbul, og prislappen kom på heile 170.000 kroner. Reisene er gjennomført frå april i fjor til den siste i juni i år, etter at styret i Helse Førde hadde innført krav om å minimalisere utgiftene på grunn av den dramatiske budsjettsituasjonen.

- Stor symbolverdi

Bjørlo ser at kronesummen ikkje kunne gjort så mykje til eller frå på sjukehusbudsjettet.

- Men symbolikken og symbolverdien er svært stor, mykje større enn det beløpet i seg sjølv skulle tilseie, seier han.

Smertegrense

Med tidlegare turbulens kring administrasjonen i Helse Førde, både møbelkjøp, tilsettingar og personalbehandling, blir denne saka meir alvorleg, meiner Bjørlo.

- Det vi har sett i bedrifter og organisasjonar som kjem i krise, er at tilliten varer ei stund. Men så kjem ein til eit punkt der tilliten rasar fort nedover. Helse Førde er nok i nærleiken av den smertegrensa, seier han.

Det har så langt ikkje lukkast å komme i kontakt med legen som har brukt dei dyre flyreisene.